Seniorkonsulent / eksamenskonsulent - Det psykologiske fakultet
Søknadsfrist: 04.11.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved studieseksjonen, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent. Stillinga inngår i eksamensgruppa, og har oppgåver knytt til administrasjon og avvikling av eksamen. Studieseksjonen har overordna administrativt ansvar for å koordinere, kvalitetssikre og utvikle fakultetet sine studieprogram på bachelor-, profesjons- og masternivå. I dette inngår mellom anna eksamens- og kvalifikasjonsarbeid, informasjonsarbeid, studierettleiing, bruk av IT-baserte studieadministrative verktøy og studentrekruttering.
Universitetet i Bergen er inne i digitaliseringsprosess som påverkar arbeidsfeltet og som seniorkonsulent må ein derfor pårekne ein del utviklingsoppgåver i tillegg til dei faste oppgåvene.
Arbeidsoppgåver:
Planlegge, koordinere og utføre praktisk arbeid omkring eksamensavviklinga
Klagehandsaming og anna sakshandsaming knytt til eksamen
Sekretær for Komite for redelighet i utdanning
Profilering av fakultetets studieprogram på sosiale medier
Den som vert tilsett vil gå inn i bemanninga av informasjonssenteret ved fakultetet
Sakshandsaming knytt til tilrettelegging for studentar med særlege behov
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det er ønskeleg med mastergrad, gjerne kombinert med relevant administrativ praksis og/eller spesialkompetanse tilpassa oppgåvene stillinga skal dekkje
God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning er ein føremon. Det same gjeld erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming innan offentleg forvalting
God administrativ IT-kompetanse.
Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og andre digitale verkty er ein føremon.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både i norsk (begge målføre) og engelsk
Kunne arbeide sjølvstendig blir vektlagt
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å motivere, inspirere og fremje samhandling
Fleksibel og serviceinnstilt
Sans for kvalitet i arbeidet, prioriteringsevne og nøyaktighet
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 51-56 (kode 1363/LR21), etter hovudtariffavtalen i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 456 400 – 496 100. For særleg kvalifiserte kandidatar kan fakultetet vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Det vert gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju.Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.