Seniorkonsulent - studentrekruttering og kommunikasjon (Det samfunnsvitskaplege fakultet)
Søknadsfrist: 13.12.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent med særleg ansvar for studentrekruttering og kommunikasjon.
Studieseksjonen har ansvar for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. I dette inngår mellom anna drift av infosenter for SV-studentar, informasjonsarbeid, koordinering av opptak, eksamen, internasjonalisering, samt rekruttering og mottak av nye studentar. Det er venta at den som vert tilsett skal kunne delta i og leie utviklingsprosjekt innan studiefeltet.
Arbeidsoppgåver:
Hovedansvar for studentrekruttering og profilering av fakultetet sitt studietilbud
(Web) Utvikling og vedlikehald av fakultetet sine nettsider innan studiefeltet, produksjon av rekrutteringsmateriell, produksjon av nyheitssakar og oppfølging av fakultetet sine alumnar
Produsere innhold (tekst bilde og video) både til eigne nettsider og ulike sosiale media
Utgreiingsoppgåver, særleg knytt til rekruttering av studentar og studiegjennomføring
Sakshandsaming av studiesaker og anna studieadministrativt arbeid
Arrangementsansvar for studieseksjonen sine eigne arrangement som vitnemålsseremonien, karrieredag andre fellesarrangement.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Søkjarar må ha god formidlingsevne, og kunne handtere ulike publiseringsverktøy
God digital forståelse
Relevant praksis og kjennskap til universitets- og høgskolesektoren
Erfaring frå journalistikk/kommunikasjonsarbeid er ein føremon
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn som seniorkonsulent tilsvarande lønssteg 56-60 (kode 1363) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 490 600 – 535 200. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare lønn. Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.