LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent - HR (Det matematisk-naturvitskaplege fakultet)

Søknadsfrist: 24.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

I fakultetsadministrasjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig to stillingar som seniorkonsulent (HR).

Som HR-konsulent inngår du i ein fakultetsadministrasjon med omlag 55 tilsette fordelt på fire seksjonar; HR, økonomi, studie samt stab og leiing. Stillinga er knytt til HR-seksjonen der du vil vere ein av 12 medarbeidarar. Næraste leiar er seksjonssjefen. Seksjonen si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til dei sju institutta ved fakultetet, samt til leiinga og dei andre tilsette ved fakultetsadministrasjonen. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga. I universitetssamanheng er dette ein spennande prosess med mange ulike stillingskategoriar, og innanfor ulike fagområde. Dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen med båe dei vitskaplege tilsette og instituttleiinga. Som HR-medarbeidar vil du ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepartnar, ikkje berre i rekrutteringsprosessen, men også i andre HR-relaterte sakar. Samarbeid internt i fakultetsadministrasjonen er også ein viktig del av kvardagen, då især samarbeidet med økonomiseksjonen.

Arbeidsoppgåver

Som HR-konsulent vil du blant anna bidra med

  • rådgjeving og rettleiing i rekrutteringsprosessar ved fakultetet og institutta
  • HR-fagleg leiarstøtte
  • sakshandshandsamingsoppgåver i HR-saker
  • utvikling av administrative rutinar innan HR
  • prosjektarbeid
  • generelle administrative oppgåver
  • rapportering og vedlikehald

Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant utdanning på masternivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan vere oppnådd gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • god digital kompetanse
  • gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål)
  • gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk

Du bør ha

  • dokumentert erfaring i sakshandsaming, helst innan HR
  • gode kunnskapar i relevant lov- og avtaleverk
  • erfaring frå offentleg forvaltning – helst universitets- og høgskulesektoren

Personlege eigenskapar

Du må ha

  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
  • evne til å tileigne deg nye ferdigheiter
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Du må vere

  • initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • fleksibel og serviceinnstilt
  • resultat- og løysingsorientert
  • raus, positiv og inkluderande

Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde.

Vi kan tilby

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 61 (for tida kr 499 500 - 553 500 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS