Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, studieseksjonen, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent i 100 % stilling for perioden 1. august 2020 – 1. september 2021. Studieseksjonen ved fakultetet har 14 tilsette. Seniorkonsulenten har eit hovudansvar for å koordinere arbeidet med internasjonalisering i studieprogramma ved fakultetet, med eit særleg ansvar for utreisande utvekslingsstudentar på medisinstudiet. Seniorkonsulenten er sakshandsamar og rettleiar for studentar som planlegg å reise på utveksling og samarbeider med relevante administrative og vitskaplege medarbeidarar ved fakultet og institutt og ved partnarinstitusjonar.
Arbeidsoppgåver:
koordinere arbeidet med internasjonalisering i utdanning
rettleiing og sakshandsaming av søknadar om utveksling i medisinstudiet
kontakt og oppfølging med studentar under utvekslingsopphald
vedlikehald av samarbeidsavtalar
rekrutterings- og informasjonsarbeid
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant praksis er eit krav
God digital kompetanse er eit føremon
Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er serviceinnstilt og positiv
har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
kjenner UH-sektoren
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Leiar for studieseksjonen, Ørjan Leren, telefon 55 58 64 85
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.