Saksbehandlar - Økonomiavdelinga (Seksjon for lønn)
Søknadsfrist: 14.04.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.
Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
Økonomiavdelinga har ansvar for alle økonomi- og innkjøpsfunksjonar ved Universitetet i Bergen. Inkludert systemforvaltning og utvikling av administrative informasjonssystem knytt til avdelingens funksjonar.
I Økonomiavdelinga, Seksjon for lønn, er det ledig stillingar som saksbehandlar. Seksjon for lønn utfører og har ansvar for fagrelaterte oppgaver for alle eininger ved UiB innan arbeid med lønn og lønnsnær HR.Seksjonen er for tida delt inn i fire team ut frå arbeidsområde i personal- og lønnsdatasystemet SAP. Våre tilsette har erfaring frå fagfelta HR, økonomi og lønn.
Vi søker nå etter nye saksbehandlarar (fagspesialistar) til vårt HR-team. Om du har interesse, utdanning eller erfaring innan HR og lønn, trivs med å jobbe utoverretta, men samtidig med teknologi og system, så er det nettopp deg vi ser etter.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere knytt til sakshandsaming av nytilsette, og personar som skal tilsetjast på ny, registrering i lønssystemet SAP, permisjonar, ferie og anna fråvær, og dessutan avslutning av arbeidsforhold.
Saksbehandling av oppgåver knytt til lønnsnær HR i samsvar med regelverk og rutinar
Ansvar for å sikre god datakvalitet i systemløysinga innanfor ferie- og tidregistrering
Kontroll, kvalitetssikring og rapportering
Rettleiing (rettleiingsoppgåver) mot fakultet/einingar og internt i seksjonen innanfor eit spesielt saksområde eller fagfelt
Brukar- og leiarstøtte knytt til sjølvbetjeningsløysingar og regelverk
Andre oppgåver i seksjonen kan verte aktuelle
Fagspesialistane har ei aktiv rolle mellom tilsette og leiarar, og saker som handsamast via sjølvbetjentløysninga i SAP. Fagspesialistane vurderer og kontrollerer saker som går i flyt i systemet og utførar kvalitetskontrollen opp mot gjeldande lovar og reglar.
Dette omfattar også å bidra til opplæring, rettleiing og systemstøtte internt på Seksjon for lønn og ut i organisasjonen elles. Stillingane gir moglegheit for å delta i utvikling av og standardisering av nye rutinar og prosessar innan lønn og lønnsnær HR.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgare utdanning på fortrinnsvis bachelor- eller masternivå, innan relevante fagområde, HR, administrasjon, eller andre relevante fag. Lang og relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særlege tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
God kunnskap om lovverk, tariffavtalar og regelverk knytt til tilsetjingsforhold i staten
Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Det er ein fordel med HR- og eller lønnskompetanse frå offentleg verksemd
Det er også ein fordel med kompetanse i personal- og lønnsdatasystem (fortrinnsvis SAP)
Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
Evne til å jobbe i team
God problemløysingsevne
God serviceinnstilling
Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig innan gitte fristar
Vi kan tilby:
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med fagleg tyngde.
Stilling som seniorkonsulent (stillingskode 1363) i årsløn kr. 517 600 – 573 900 avhengig av kvalifikasjonar. For særskild godt kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare lønn.
Fleksibel arbeidstid
Opning for trening i arbeidstida
Medlemskap i Statens pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente, og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga