Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om Økonomiavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rekneskapskonsulent (førstekonsulent):
Universitetet i Bergen er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i Bergen sentrum. Vi har 18.500 studentar og omlag 4.000 tilsette. Universitetet har ein sterk internasjonal profil som medfører tett samarbeid med universitet over heile verda.
Økonomiavdelinga har ansvar for å utforme institusjonen sin politikk innanfor økonomiområdet. Avdelinga har om lag 90 tilsette. I tillegg utfører vi ei rekkje driftsfunksjonar innan budsjett, innkjøp, lønsadministrasjon og rekneskap. Til avdelinga sine oppgåver høyrer også kvalitetssikring og utvikling av ansvarsområda. Ei sentral oppgåve er dessutan å forvalte og utvikle administrative informasjonssystem for dei ulike funksjonane i avdelinga.
Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for inngåande faktura, er det ledig ei fast, 100% stilling som rekneskapskonsulent (førstekonsulent). Stillinga inngår i ei gruppe av 5 medarbeidarar som utfører oppgåver knytt til inngåande faktura.
Arbeidsoppgåver:
Følgjande hovudarbeidsoppgåver er lagt til seksjonen:
• Fakturaflyt frå mottak til bokføring
• Vedlikehald av leverandørregister
• Remittering• Purringar/inkasso
• Brukarstøtte• Innførselsmerverdiavgift
• Andre økonomirelaterte oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Relevant høgare utdanning min. bachelorgrad eller tilsvarande, frå universitet eller høgskule
Tilsvarande realkompetanse kan vere oppnådd med relevant praksis, etter- og vidareutdanning m.m
God rekneskapsforståing
Kjennskap til prosessen behov til betaling (BtB) er ønskeleg
Erfaring, forståing og/eller interesse for arbeid med digitale prosesser og plattformer, gjerne frå Unit4 ERP som økonomisystem og Tableau som rapportverktøy eller liknande system
Nødvendig presisjon i arbeidet
Gode samarbeidsevner
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Den som blir tilsett må vere villig til å tileigne seg nødvendig kompetanse. Det administrative arbeidet ved avdelinga og på UiB generelt er i stadig utvikling. Dette er særleg knytt til digitalisering og standardisering, som gjer at stillinga over tid kan bli tillagt andre oppgåver ved Økonomiavdelinga.
Personlege eigenskapar:I vurderinga vil ein leggje stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter ein positiv, løysingsorientert person som er god i teamarbeid men arbeider sjølvstendig når det er nødvendig. Vi ønsker at du skal vere målretta, engasjert og initiativrik med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du bør kunne prioritere i ein travel kvardag samstundes som du jobbar mot langsiktige mål.
Vi tilbyr:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Stilling som førstekonsulent (kode 1408) frå kr. 524 700 – 594 500 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Motiverande fagmiljø i moderne kontorlokale
Fleksibel arbeidstid
Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade og gruppelivsforsikring
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.