LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektøkonom (seniorkonsulent) - Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 17.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

I fakultetsadministrasjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei stilling som prosjektøkonom (seniorkonsulent).

Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 3000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliard kroner. Forsking og undervisning skjer på institutt og i sentre.

Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar og er organisert i fire seksjonar.

Økonomiseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) har 25 medarbeidarar som sit samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenester og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.

Vi ynskjer å rekruttere ein prosjektøkonom til seksjonen. Prosjektøkonomen vil vere knytt til temagruppa prosjektøkonomi. Som prosjektøkonom vil du jobbe tett på forsking og utdanning og våre forskarar og undervisarar i eit mangfaldig og internasjonalt miljø.

Eit av dei viktigaste måla til økonomiseksjonen er å sikre god service og høg kvalitet på økonomitenestene overfor alle brukarane. Vi skal sikre gode og rettidige leveransar til institutt- og fakultetsleiinga og til prosjektleiarane, og bidra med service som kan hjelpe den einskilde med støtte til gode avgjerder og god økonomistyring. Det er eit uttalt mål at vi ynskjer at eininga skal vere rigga for framtidige utfordringar og konkurransesituasjonen MN-fakultetet er i. I dette ligg at det fortløpande må byggjast kompetanse om noverande og potensielle bidragsytarar.

Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet og du rapporterer til seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver

Døme på arbeidsoppgåver som vert definerte under feltet prosjektøkonomi:

  • Støtte og verktøy knytt til eksterne prosjekt i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase
  • Gje støtte for å styrke fakultetet si eksterne finansiering
  • Budsjettering og re-budsjettering
  • Koordinering og prosjektoppretting
  • Rekneskapsføring, omposteringar og anna drift
  • Rapportering
  • Avslutning

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ei naturleg del av stillinga. Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er eit krav.
  • Erfaring med støtte til ekstern prosjektinnhenting er ein føremon.
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
  • Søkjarar bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

Du må

  • ha interesse for tal og ha god økonomiforståing
  • ha analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • trivast med endring og det å ha mange jarn i elden
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
  • vere initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • vere serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn som seniorkonsulent etter lønssteg 57 - 66 (kode 1363) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 507 400 – 597 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektøkonom Linda Emdal, telefon 55 58 87 51 / e-post linda.emdal@uib.no,eller
  • Seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-post trine.lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS