LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Mentorkoordinator - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 11.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ønsker du deltidsjobb som mentorkoordinator?

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om jobben

For å bidra til eit best mogleg læringsmiljø, har HF innført ei mentorordning ved alle våre studieprogram. Dette skal vi fortsette med og vidareførar for studieåret 2021/2022. Student-mentoren har ansvar for å leie sin mentorgruppe gjennom ulike prosessar og aktivitetar ca. kvar tredje veke gjennom heile det første studieåret. Fokuset er å hjelpa dei nye studentane med å kome godt i gang med sin utdanning både fagleg og sosialt.

Arbeidstida vil vere i gjennomsnitt ca. 10 timar per veke, men dette vil variere noko gjennom semesteret. I forkant av og rundt semesterstart må ein berekne meir arbeid og tilsvarande mindre i andre periodar. Arbeidstida er tilpassa og fordelast gjennom arbeidsveka og semesteret. Du må kunne jobbe frå og med 14. juni 2021 til og med 13. juni 2022. Totalt tilsvara arbeidsforholdet ei 30% stilling i løpet av året. Eventuelle kollisjonar med obligatorisk undervisning kan bli tilrettelagd for.

Dine arbeidsoppgåver som mentorkoordinator er:

  • Ta del i opplæring av nye student-mentorar
  • Bidra til å planleggja og koordinera mentormøter gjennom haust- og vårsemesteret
  • Praktisk førebuing av mentormøter og opplæring
  • Delta på erfaringsutvekslingsmøter med andre student-mentorar på fakultetet
  • Delta i evalueringsmøter
  • Støtte arbeidsleiar med oppgåver knytt til drift av mentorordninga ved HF
  • Du vil jobbe i team samen med studieseksjonen ved HF

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du er sosial, empatisk og kan improvisere
  • Du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og er god til å planleggja, men samstundes også jobbe i team
  • Du er motivert for å jobbe med nye studentar og for å bidra til eit betre læringsmiljø ved HF
  • Tidlegare erfaring som mentor er ein fordel
  • Kjennskap til Det humanistiske fakultet er ein fordel
  • Vil vil leggje vekt på engasjement i andre studierelaterte aktivitetar som f. eks medlem av faglege, sosiale eller studentpolitiske foreiningar og utval, eller at du har vore tilsett som kollokvieleiar, eller liknande.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som konsulent (kode 1065) i lønnsramme 17, ltr. 42-51. For tida svarar dette til 398 400-458 500,- i full stilling før skatt per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS