Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Konsulent - delstilling
Det samfunnsvitskaplege fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til fast delstilling i 25 % med hovudoppgåver knytt til fakultetet sine tenester i Informasjonssenteret. Dei som blir tilsett vil inngå i eit team av engasjerte og motiverte medarbeidar. Deira viktigsta oppgåve er å yte brukarstøtte og service til studentar, tilsette, gjester og publikum.
Yte tenester til studentar, tilsette og gjester som tar kontakt i informasjonssenteret eller per telefon/e-post
Oppdatere informasjon på studentsidene til fakultetet
Daglege driftsfunksjonar som mottak av post, bestilling av varer og tenester
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Fagbrev innan kontor- og administrasjonsfaget, eller 1-2 års utdanning ut over vidaregånde opplæring
Kjennskap til studier på universitets- og høyskolenivå er ein føremon
Relevant praksis
God IKT-kompetanse
God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
Vi søkjer medarbeidarar som
er imøtekommande, fleksibel og serviceinnstilt
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
arbeider systematisk og er løysingsorientert
Vi tilbyr:
Allsidige stillinga med særleg vekt på servicetenester
Eit godt fagleg og sosialt miljø med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Løn som konsulent (kode 1065) etter lønssteg 35-44 avhengig av kompetanse og tenesteansiennitet. Årsløn i 100 % stilling utgjer for tida 364 400 – 410 400.
Gode velferds- og treningstilbod.
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse.
Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med hege.aarethun@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.