HR-trainee - Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 20.06.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
HR-trainee
Har du høgare utdanning og nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en?
Universitetet i Bergen søkjer etter to HR-trainear. Stillingane er knytte til HR-seksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Seksjon for HR-fellestenester ved HR-avdelinga.
Stillingane vert lyst ut gjennom traineeprogrammet i staten og er eittårige traineestillingar. Det kan vere aktuelt å forlenge stillingane utover eitt år. Stillingane er meint for personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en og høgare utdanning.
Som HR-trainee vil du avhengig av kompetanse og bakgrunn mellom anna bidra med:
Rådgjeving og sakshandsaming i rekrutteringsprosessar
Sakshandsamingsoppgåver innan HR
HR-fagleg leiarstøtte
Utvikling av administrative rutinar innan HR
Prosjektarbeid
Organisere og systematisere arbeids- og tiltaksplassar for personer med nedsett funksjonsevne, personar med innvandrarbakgrunn og personer med hol i CV-en
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan vere oppnådd gjennom allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning.
Relevant saksbehandlarerfaring frå offentleg forvalting er ønskeleg
Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
God digital forståing og kompetanse
Fleksibel og serviceinnstilt med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Den som vert tilsett må kunne norsk både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
For å bli vurdert til stillingane, må du stadfeste at du er i målgruppa ved å krysse av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i søknadsskjema i Jobbnorge.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 61 (for tida kr 490 600 - 545 300) i det statlege lønsregulativet.
Stillingsprosent er 100 %, men kan justerast ved ev. tilretteleggingsbehov.
Du vil som del av traineeprogrammet delta i eit obligatorisk medarbeidarutviklingsprogram
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til:
Seksjonssjef på Det matematisk-naturvitskapelege fakultet Gunnar Larsen, tlf. +47 55 58 35 14 / e-post gunnar.larsen@uib.no og
Seksjonssjef på HR-avdelinga Janne Marie Solheimslid, tlf. +47 55 58 87 / e-post janne.solheimslid@uib.no
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.