Førstekonsulent (studiekonsulent) ved Institutt for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 24.07.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei spennande stilling som førstekonsulent (100 %) med tilsetjing snarast. Stillinga er knyta til to eksternfinansierte studieprogram, Spesialistutdanninga i odontologi og Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning frå land utanfor EU og EØS.
Arbeidsoppgåver:
Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing.
Dagleg administrativ drift av programma, inkludert opptak, timeplanleggjing og eksamensarbeid.
Studentkontakt med rettleiing og informasjonsarbeid.
Kontakt med oppdragsgjevar, i form av årleg tilskuddssøknad og rapportering.
Førebu sakar til Programutvalet for odontologiske fag.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav.
Gode kommunikasjonsevner.
God generell IT-kompetanse er eit krav. Det er en føremon med kjennskap til administrative verktøy som t.d. FS.
Det er ein føremon med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
Personlege eigenskapar vil verte sterkt vektlagt.
Vi søkjer ein person som:
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Er nærverande og engasjert.
Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
Er fleksibel, initiativrik og service-innstilt.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som ernaudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
Løn som førstekonsulent (kode 1408) er for tida kr 509 300 – 540 500 (lønssteg 51 - 55). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Signe Solberg, telefon 915 60 933
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.