Førstekonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet (vikariat)
Søknadsfrist: 07.11.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Masterprogrammet i rettsvitskap er ei av Noregs mest populære utdanningar, og fakultetet er blant dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett, straffeprosess og politirett.
Ei av Noregs mest populære utdanningar treng fleire dyktige administrative medarbeidarar
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent (studieadministrasjon)
I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig eit eitt års vikariat i 100 % stilling som førstekonsulent, med moglegheit for forlenging. Tiltreding så raskt som mogleg.
Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas juristar og ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Seksjonen arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle kvalitet i studiet og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar, og den som vert tilsett skal bidra i dette arbeidet.
Masterprogrammet i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet har vunne fleire prisar, og ei revidert studieordning vart lansert denne hausten.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inneber studieadministrative oppgåver innanfor blant anna undervisning, eksamen og saksbehandling, i tillegg til å avlaste kollegaer ved arbeidstoppar og fråvær.
Stillinga passar særs bra for deg som er fleksibel og tek ei utfordring på strak arm, samstundes som du kan arbeide nøyaktig og effektivt etter prosess- og rutinerettleiingar. Du vil få utfordrande og varierte arbeidsdagar, og må difor evne å halde hovudet kaldt i hektiske periodar.
Den som blir tilsett vil primært inngå i seksjonens studieårsgruppe, men kan også få andre studieadministrative oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må ha bachelorgrad, men ein mastergrad vil være ein føremon. Du treng ikkje ha juridiske emne i graden din, og kandidatar frå alle relevante fagområde blir oppmoda til å søkje
Praksis og erfaring frå studieadministrativt arbeid, saksbehandling og prosjektarbeid er ein føremon. Erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan også vere relevant
God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk, begge målformer
God digital kompetanse og systemforståing
Effektiv, ansvarsbevisst, fleksibel og initiativrik
Evne til å arbeide sjølvstendig
Evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på fleire parallelle prosessar og aktivitetar samstundes
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt
Vi kan tilby
Varierte og utfordrande oppgåver
Hyggelege kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Løn som førstekonsulent etter lønssteg 51 - 55 (p.t. kr. 468 300 – 499 500) (kode 1408 /LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:
Assisterande fakultetsdirektør og leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via lenka ”Søk stillinga”.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.