LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent (Studie) ved Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 11.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Vi ønsker deg velkomen som søkjar til vikariat (2 stillingar) som førstekonsulent (100 %) med oppstart i mai/juni 2023 og til vår 2024. Stillingane inngår i felles studieadministrasjon ved Klinisk institutt 1 (K1) og Klinisk institutt 2 (K2). I studieadministrasjonen vil du bli med i eit team på åtte som arbeider for å leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar, samt studentar som tek vidareutdanningskurs. Du vil jobbe i tett samarbeid med undervisarar, studentar, og ikkje minst Haukeland Universitetssjukehus og undervisninga som vert gitt der. Til saman har K1 og K2 omlag 600 tilsette og har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå. Begge institutta husar sterke forskingsgrupper, og har ei sentral rolle i utdanning av leger, ernæringsfysiologar og farmasøytar.

Arbeidsoppgåver:

  • Studieadministrasjon av emnar
  • Timeplanlegging og praksisutplassering
  • Eksamensarbeid, mellom anna knytt til OSKE-eksamen
  • Saksbehandlingsoppgåver, til dømes emne- og studieplanarbeid
  • Evalueringsarbeid
  • Delta i studieadministrative nettverk med fakultetsadministrasjonen og dei andre institutta

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Røynsle frå relevant studieadministrativt arbeid er eit føremond
  • Røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, Mitt UiB, TP, Inspera, ePhorte og andre

Vi søkjer ein person som

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Er engasjert, fleksibel og imøtekommende
  • Er systematisk, nøyaktig og strukturert
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Er god på problemløysing

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent (kode 1408) er for tida kr 478 300 – 509 500 (lønssteg 51 - 55). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Studiekoordinator for studieadministrasjonen ved K1 og K2, Øyvind Byrkjedal-Bendiksen: telefon: 55 58 25 69, epost: Oyvind.Bendiksen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS