Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent (økonomi- og forskingsadministrasjon)

Søknadsfrist: 23.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent (økonomi- og forskingsadministrasjon)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig eit vikariat som førstekonsulent (100 %) med tilsetjing snarast mogleg og til og med 31. august 2021. Instituttet har ca. 200 tilsette og ein administrasjon på 15 personar.

Administrasjonen gir støtte til våre vitskaplege kollegaer som driv med undervisning og forsking innan basalmedisinske fagområde. Vi forvaltar eit budsjett på over 130 millionar kroner. No treng vi ein vikar i administrasjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Støtte til forskarar innanfor økonomi og forskingsadministrasjon
  • Økonomistyring av ekstern - og internfinansierte forskingsprosjekt
  • Prosjektoppfølging; ansvar for budsjettering og økonomirapportering
  • Bidra til utvikling og forbetring av prosjektverktøy, økonomiverktøy mm.
  • Rutinemessig innkjøp, regnskaps- og økonomiarbeid
  • Administrativ/økonomistøtte mot kjernefasilitetane
  • Utforming av analyser og prognoser knytt til prosjekta

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha bachelorgrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ynskeleg
  • God forståing og erfaring frå alle prosesser i administrativ prosjektoppfølging er ein føremon
  • Har du kjennskap til prosjektoppfølging av er det ynskeleg
  • Gode ferdigheiter i Excel
  • Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Vi søkjer ein person som

  • er serviceinnstilt og positiv
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
  • bidrar til vårt gode arbeidsmiljø

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 428 200 - 472 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS