Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei mellombels stilling som førstekonsulent (100 %) med tilsetjing frå august 2021. Den som vert tilsett blir ein del av administrasjonen ved Klinisk institutt 1 som består av 10 personar. Næraste leiar er administrasjonssjef og arbeidsleiar er seniorkonsulent i økonomiseksjonen ved instituttet.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med andre tilsette i instituttadministrasjonen vil bidra til god og forutsigbar økonomisk drift. Klinisk institutt 1 (K1) har om lag 250 tilsette, fordelt på 20 fagområder, organisert i 12 seksjonar, og i om lag 30 forskargrupper. Årleg budsjett er total på om lag 100 millionar, kor dei eksterne prosjekta utgjer omlag 40 millionar.
Arbeidsoppgåver:
Rutinemessig innkjøps-, regnskaps- og økonomiarbeid
Støtte til forskarar innan økonomiadministrasjon
Prosjektoppfølging
Administrativ/økonomistøtte inn mot instituttets kjernefasilitet
Bidra i budsjettarbeid
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad i økonomisk- administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ynskeleg
Gode ferdigheiter i Excel
Erfaring med Unit4 er ein føremon
God forståing og erfaring frå alle prosesser i administrativ prosjektoppfølging er ein føremon
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
er serviceinnstilt og positiv
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
er strukturert og har god gjennomføringsevne
bidreg til vår gode arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 439 900 - 483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.