Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent - Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 27.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei spanande fast stilling som førstekonsulent i fakultetsadministrasjonen.

Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 3000 studentar og eit budsjett på om lag ein milliard kroner. Forsking og undervising skjer på institutt og i sentre. Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar, organisert i fire seksjonar.

Vi søkjer ein strukturert, positiv og omgjengeleg medarbeidar med god organisasjonsforståing. Som tilsett vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan service og administrasjon.

Dine nye arbeidsoppgåver

  • Møteførebuing og arrangementstøtte
  • Sekretærfunksjon for fakultetet sitt styre
  • Oppfølging av disputasarbeidet ved fakultetet
  • Innkjøp og enkelt bilagsarbeid
  • Enklare sakshandsaming innan alle administrative felt
  • Informasjonsarbeid

Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha utdanning minimum på bachelornivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan du ha oppnådd gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Erfaring frå møteadministrasjon vil vere ei føremon. Det same gjeld administrering av nettsider og relevant praksis frå universitets- eller høgskulesektoren.
  • Vi vil vektlegge brei erfaring i bruk av Microsoft Office-programvare og kjennskap til datasystema som er i bruk ved UiB (t.d. Basware PM, FS, ephorte).
  • Du har gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på nynorsk og bokmål samt på engelsk.
  • Du er serviceinnstilt, effektiv og strukturert.
  • Du arbeider sjølvstendig, men er og glad i å samarbeide.
  • Du trivst med å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk internasjonalt miljø.
  • Du er omstillingsdyktig og initiativrik.
  • Du er ivrig etter og motivert for å bli vår nye kollega.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som førstekonsulent etter lønssteg 46 – 55 (kode 1408/LR21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 420 700 – 488 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende seg til:

  • Seniorkonsulent Gry Ekeland Parker, tlf. 55 58 35 78

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS