LEDIG STILLING VED UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET

Konsulent tilknyttet Divvun

Søknadsfrist: 21.02.2024

UiT Noregs arktiske universitet

UiT Noregs arktiske universitet er eit breiddeuniversitet som bidreg til ei kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal utnytte det at vi ligg sentralt i nordområda, vår faglege breidde og kvalitet og våre tverrfaglege fortrinn til å møte dei framtidige utfordringane.

Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning

Om stillinga

Ved Institutt for språk og kultur er det ledig ei deltidsstilling som konsulent i Divvun-gruppa. Stillinga er tidsavgrensa til 15 månader, med oppstart snarast mogleg. Stillingsandelen er 50 %, og kan med fordel kombinerast med pågåande universitets- eller høgskuleutdanning. Stillinga er knytt til prosjektet Nordisk LT for alle, og er finanisert av Nordisk ministerråd.

Divvun-gruppa, som utgjer 7 fast tilsette, er ein del av det verdsleiande miljøet i samisk språkteknologi ved UiT, og miljøet er eit av dei fremste når det gjeld språkteknologi for minoritetar og urfolk. Prosjektet som stillinga er knytt til har ein tydeleg nordisk profil, og den tilsette vil få godt innblikk i mykje av det som blir gjort med språkteknologi for alle nordiske språk, både for minoritets- og majoritetsspråka.

Arbeidsstad er UiT i Tromsø, men fysisk arbeidsstad blir avgjort når ein ser kven som blir tilsett.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene for stillinga er i hovudsak knytt til to satsingar. Dels skal den tilsette organisera arbeidet med innhaldet i den nystarta nettportalen borealium.org i samarbeid med partnarar i alle nordiske land, og dels skal ho/han organisera ein språkteknologikonferanse i Trondheim/Trøndelag i oktober 2024, i samarbeid med andre i Divvun-gruppa og NTNU. Andre oppgåver kan koma til avhengig av kvalifikasjonar og framdrift for hovudoppgåvene.

Kontakt

Vil du vite meir om stillinga, kan du spørje:

Leiar for Divvun-gruppa, Sjur Nørstebø Moshagen:

eller instituttleiar Cathrine Theodorsen:

Kvalifikasjonar

  • minst eitt års universitets- eller høgskulestudium innanfor språk, språkvitskap, informatikk eller andre fagområde relevante for prosjektet
  • god organiserings- og planleggingsevne
  • grunnleggande IT-kunnskapar
  • må kunna kommunisera godt munnleg og skriftleg på eit skandinavisk språk og engelsk

I tillegg er det fordel med følgande kvalifikasjonar:

  • erfaring frå å organisera arrangement
  • kunnskapar i eit samisk språk eller eit nordisk minoritetsspråk
  • gode IT-kunnskaper

Vi søker ein person som:

  • Er fleksibel og serviceinnstilt, strukturert og effektiv
  • Er nøyaktig og kan arbeide sjølvstendig
  • Trivs med høgt arbeidstempo i periodar
  • Vil bidra i et spennande arbeidsfelt

I vurderinga av kandidatar vil vi vektleggje motivasjon til søker og personleg egnaheit for stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og velferdsordningar

Stillinga som konsulent lønnast etter statens regulativ kode 1065. 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.

Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Les meir om tilsettgoda dine på spk.no.

Søknaden

Send søknad elektronisk på søknadsskjema som ligg på www.jobbnorge.no. Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • vitnemål og attestar
  • 2-3 referansar med kontaktinformasjon

Søkjarar som blir kalt inn til intervju må ta med originale vitnemål og attestar.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vera ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv.

Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg som søkjer til å kryssa av for dette i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben legg vi til rette for deg om du treng det. Bortsett frå å velja ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. Les meir i Arbeidsgjevarportalen.

Generelle opplysningar

Tilsetting skjer i samsvar med reglar og vilkår som gjeld for statstilsette, og retningslinjer ved UiT. På nettsida finn du meir informasjon til søkjarar på stillingar ved UiT.

Midlertidig engasjerte eller vikarar som har vore sammenhengande ansatt ved UiT i over tre år, skal sjåast på som fast ansatt, jf. statsansatteloven § 9 (3).

Finnmark har ei ordning der du kan få ettergitt delar av studiegjeld til Lånekassen. Det er mogleg å få ettergitt (sletta) ti prosent av opphavleg lån, maksimalt 25 000 kr per år, om du bor og arbeidar i fylket.

UiT legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi oppmodar også dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode (hull i CV) om å søkje.

Førespurnad om korleis arbeidsmiljøet er lagt til rette, mellom anna korleis arbeidsplassen er utforma, helseteneste, høve til fleksitid, deltid og liknande kan rettast til telefonreferansane.

Personopplysningar som vert opplyst blir handsama etter lov om handsaming av personopplysningar. Søkjarar kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Universitetet kan likevel bestemma at namnet på kandidaten skal offentleggjerast. Søkjar vil bli varsla i forkant av ei eventuell offentleggjering.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS