LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Studiekonsulent (vikariat) - Det helsevitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 29.11.2020

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1 800 tilsette. Vi er medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i regionens kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi et opent og innovativt klima for utdanning, forsking, nyskapning, formidling og museumsverksemd.


Det helsevitskaplege fakultet tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og paramedisin, masterutdanningar i helsevitskap, i helsesjukepleie, i jordmorfag, i rus og psykisk helsearbeid, i prehospitale tenester og i sjukepleie med spesialisering i anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleie, samt vidareutdanning i kreftsjukepleie. Vidare vert det tilbydt forskarutdanning (PhD) i helse og medisin og forskarskulen PROFRES - Nasjonal forskerskule for profesjonsretta og praksisnær forsking på områda helse, velferd og utdanning.

Fakultetet har følgjande programområde for forsking: Profesjonelle relasjonar i velferdsyrker, Helsefremming ved kroniske plagar, E-læring, omsorgsteknologi og Simulering, Livsfenomen og omsorg og Samfunnsdeltaking i skole og arbeidsliv. Forskingssenteret SHARE - Senter for kvalitet og sikkerheit i helsetenestene og Nettverk for helseteknologi er også heimehøyrande ved fakultetet. Det er i dag ca. 250 tilsette (inklusiv stipendiatar og postdoktorar) og ca. 1200 studentar tilknytt Det helsevitskaplege fakultet.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søker etter studiekonsulent til 1års vikariat som studiekonsulent ved Det helsevitskaplege fakultet, Fakultetsadministrasjonen. Vikariatet er ledig frå 1.2.2021.

Som studiekonsulent vil du få ein variert, spennande og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tar høgare utdanning innanfor helsefag. Ansvarsområde er studieadministrative og studierelaterte oppgåver ved fakultetet. Fakultetsdirektør er næraste overordna.

Hovudoppgåver

  • hjelpe til ved studiegjennomføring og kvalitetssikring/-utvikling
  • studierettleiing, og informasjon til studentane om undervising og studiekvardag
  • registrere og vedlikehalde studieplanar og emne i ulike dokument/kanalar
  • bidra til kvalitetssikring av informasjon om studieprogram på vitnemålet

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • relevant erfaring, fortrinnsvis frå studieadministrativt arbeid
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy, erfaring med Canvas og studentsystemet FS er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at den som vert tilsett:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • et ambisiøst arbeidssfelleskap og et inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 450 000 - 500 000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Helene Engelsgjerd Figved, tlf: 51831558., e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.

Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før vert lasta opp. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i JobbNorge innan utløpet av søknadsfristen.

Vi gjer merksame på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i JobbNorg ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skreve om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i JobbNorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS