LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Seniorkonsulent studieadministrasjon (Vestlandslegen – Stavanger)
Søknadsfrist: 10.02.2023

Vil du vere med på vår nye satsing: Vestlandslegen?
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Trives du med administrative oppgåver? Då bør du lese vidare!
Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig stilling i studieseksjonen som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing frå 1. mars 2023. Stillinga inneber ei rolle som studiekonsulent med administrative oppgåver knytt til medisinstudiet ved UiB. Arbeidsstaden for stillinga er i Stavanger.
UiB er i ferd med å etablere ein regional studiemodell for medisinutdanning, Vestlandslegen. Som ei pilotordning vil ei gruppe studentar frå hausten 2023 gjennomføre dei tre siste åra av medisinstudiet sitt i Stavanger. Undervisninga i første del av piloten vil skje ved Stavanger universitetssjukehus i eit samarbeid mellom Helse Stavanger HF og Universitetet i Bergen. Studiekonsulenten vil saman med fagmiljøa ha ei sentral rolle i arbeidet med å planlegge og gjennomføre piloten.
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til den praktiske gjennomføringa av utdanninga: undervisningsplanlegging, studentmottak og eksamen
- Informasjonsarbeid og rettleiing til studentane
- Administrativ støtte til fagleg studieleiar og fagansvarlege for undervisning i Stavanger
- Samarbeid med studieadministrasjonen og programleiinga for medisinstudiet i Bergen
- Sakshandsaming
- Rutineutvikling og utgreiingsarbeid
- Evaluering og kvalitetssikring
Det kan bli aktuelt med noko mindre reiseverksemd, i hovudsak for å delta på kurs eller andre samlingar i Bergen.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Vi søkjer deg som har:
- høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- minimum to års relevant erfaring frå administrativt arbeid
- god digital kompetanse og ferdigheiter innan administrative IT-verktøy
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk
Det vil i tillegg vere ein fordel om du har relevant erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga. Vi ønskjer at du:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- er initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
- er fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
- har stor arbeidskapasitet og god evne til å følgje opp både fortløpande driftsoppgåver og prosessar som går over lenger tid
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 526 100 - 573 900 (lønssteg 57 - 62). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Assisterande fakultetsdirektør Ørjan Leren, telefon 55 58 64 85, eller til
- Seniorrådgjevar Kristin Walter, telefon 55 58 65 59
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.