LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Controller (rådgjevar / seniorkonsulent) - Økonomiavdelinga
Søknadsfrist: 15.08.2022

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Controller (rådgjevar/seniorkonsulent)
Universitetet i Bergen er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i Bergen sentrum. Vi har 21.000 studentar og omlag 4.200 tilsette. Universitetet har ein sterk internasjonal profil som medfører tett samarbeid med universitet over heile verda.
Økonomiavdelinga har ansvar for å utforme institusjonen sin politikk innanfor økonomiområdet. Avdelinga har om lag 90 tilsette. I tillegg utfører vi ei rekkje driftsfunksjonar innan budsjett, innkjøp, lønsadministrasjon og rekneskap. Til avdelinga sine oppgåver høyrer også kvalitetssikring og utvikling av ansvarsområda. Ei sentral oppgåve er dessutan å forvalte og utvikle administrative informasjonssystem for dei ulike funksjonane i avdelinga.
Ved Økonomiavdelinga, Budsjettseksjonen, er det ledig ei fast, 100% stilling som controller (rådgjevar/seniorkonsulent). Stillinga inngår i ei gruppe av 10 medarbeidarar som utfører controlleroppgåver for fleire av universitetet sine avdelingar og fakultet.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver i controllergruppa består mellom anna av:
- Budsjettering og oppfølging/analyse av budsjett og rekneskap
- Rågjevar i økonomispørsmål
- Rapportering til leiing og styre
- Sakshandsaming
- Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar og arbeidsmetodar innan fagfeltet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi ønskjer ein person som:
- Har høgare utdanning innan økonomi på masternivå eller tilsvarande
- Har analytiske eigenskapar, samarbeidsevner og nødvendig presisjon i arbeidet
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Er strukturert, kan prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
- God administrativ IT-kompetanse
- Relevant erfaring er en fordel, men ikkje eit krav
For stilling som rådgjevar krevjast det som utgangspunkt minst to års relevant yrkeserfaring. Kandidatar med kortare arbeidserfaring og nyutdanna kan søke stillinga som seniorkonsulent.
Relevant arbeidserfaring og interesse for handsaming av tall knytt til styring av komplekse verksemder blir vektlagt. Universitetet i Bergen nyttar Unit4 ERP som økonomisystem, SAP som lønnsystem og Tableau som rapportverktøy. Kjennskap til, eller erfaring frå, desse eller liknande system vil vere ein fordel.
Vi kan tilby:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Stillinga som seniorkonsulent (kode 1363) blir lønna frå årslønn kr 550.000 – 650 000 pr år brutto, eller som rådgjevar (kode 1434) i årslønn frå kr 630.000 – 750 000 brutto , avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Kontorsjef Sven-Egil Bøe, tlf. 55 58 20 33 / 99 51 34 81, e-post [email protected]
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga
Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken «Søk stillingen» øvst på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.
Nærare om tilsettingsprosessen her.