Studentmedarbeidar (konsulent) til Infosenteret ved Det humanistiske fakultet
Søknadsfrist: 28.10.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studentmedarbeidar til infosenteret ved Det humanistiske fakultet
Infosenteret ved Det humanistiske fakultet treng ein studentmedarbeidar (konsulent) til skranken på infosenteret, med oppstart ca. 01.01.2021. Stillinga lar seg kombinere med å vere student. Infosenteret ved Det humanistiske fakultet tilbyr informasjons- og rettleiingstenester for studentar på årsstudium, bachelor-, lektor- og masterprogram. Det er lagt opp til omkring 1-2 vaktar per veke etter arbeidsplan, med moglegheit for ekstraarbeid etter avtale i periodar med behov.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga har varierte oppgåver, med hovudoppgåver som:
Praktisk rettleiing i skranken ved infosenteret
Svare telefon og e-post.
Svare på konkrete spørsmål om emne og studieprogram ved fakultetet
Gi informasjon om eksamen og eksamensordningar samt gjeldande lover og regler.
Andre arbeidsoppgåver kan komme i tillegg til skrankevakt. Døme på dette kan vere praktisk tilrettelegging ved arrangement og omvising på campus for ulike grupper.
Vakttida kan variere innafor infosenteret sine opningstider, som er kvardagar kl. 10-14 (9-15 i studiestartvekene haust og vår). Infosenteret er ope delar av sommaren, men då med redusert opningstid (10-13).
Det er viktig at den som blir tilsett kan jobbe ved semesterstart og ta ekstravakter ved behov.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
God kjennskap til Det humanistiske fakultet og til UiB generelt.
Erfaring frå studentverv, studentorganisasjonar, eller oppdrag som mentor, seminarleiar eller liknande blir lagt vekt på.
God kjennskap til Studentweb, Mitt UiB og UiB sine nettsider
Du er serviceinnstilt, sjølvstendig og initiativrik.
Du kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg.
Du har evne til å jobbe systematisk og ryddig. Du er fleksibel og har stå-på-vilje
Du har god rolleforståing
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn som konsulent (kode 1065) i lønnsramme 17, minimum alternativ 5, ltr. 35. For tida tilsvarande 362 400,- i full stilling før skatt per år.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Gode velferdsordningar.
Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Leiar av infosenteret, Lise Kristiansen på lise.kristiansen@uib.no eller på telefon 55 58 73 95
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».