LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Infosentermedarbeidar (konsulent) i fast 30 % stilling

Søknadsfrist: 02.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Konsulent

Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til to faste delstillingar i 30 % med hovudoppgåver knytt til fakultetet sine tenester i Informasjonssenteret, med oppstart snarast mogleg. Dei som blir tilsett vil inngå i eit team av engasjerte og motiverte kollegaer, der den viktigaste oppgåva er å yte brukarstøtte og service til studentar, tilsette, gjester og publikum.

Arbeidsoppgåver:

  • Yte tenester til studentar, tilsette og gjester som tar kontakt ved besøk informasjonssenteret, per telefon og/eller i UiBHjelp.
  • Yte brukarstøtte for Studentweb og Mitt UiB.
  • Vidareutvikla rutineskildringar for informasjonssenteret.
  • Informere potensielle og eksisterande studentar om våre studieprogram.

Andre arbeidsoppgåver kan kome i tillegg, døme på dette kan vere praktisk planlegging og tilrettelegging ved arrangement. Det vil vere moglegheit for å arbeide 100 % om sommaren.

Det er viktig at den som blir tilsett kan jobbe ekstra i travle periodar, hovudsakeleg i august (studiestart).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
  • Erfaring frå serviceyrket
  • Du må minst ha ett år påbegynt på ein bachelorgrad
  • God kjennskap til Universitetet i Bergen og Det psykologiske fakultet
  • God IKT-kompetanse og kjennskap til UiBs system

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som er imøtekommande, fleksibel og serviceinnstilt
  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du må arbeide systematisk og vere løysingsorientert
  • Søkjarar kan komme frå ulike studieprogram på ulike nivå

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, samt relevant erfaring, blir vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som konsulent etter det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.
  • Dette utgjer for tida kr 397 100 - 412 000 (ltr 38 -41)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Leder av informasjonssenteret, seniorkonsulent Hilde Strand Dybevik, telefon: +47 55 58 62 88, e-post: Hilde.Dybevik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS