LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Kommunikasjonsrådgjevar - Handelshøgskulen

Søknadsfrist: 07.02.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Handelshøgskolen ved UiS tilbyr bachelorutdanningar i økonomi og administrasjon, rekneskap og revisjon samt rettsvitskap. I tillegg tilbyr fakultetet master i økonomi og administrasjon (siviløkonomutdanning), rekneskap og revisjon, erfarings-basert masterprogram retta mot næringslivet (EMBA) samt forskarutdanning (PhD). Fakultetet legger til rette for utdanning, forsking og formidling innafor en stor spennvidde av fag, som finans, marknadsføring, organisasjon og leiing, rekneskap og revisjon, rettsvitskap, strategi og økonomi. Universitetets Senter for innovasjonsforsking er plassert ved fakultetet. Pr i dag er omlag 90 tilsette og 1.400 studentar knytt til fakultetet.

Handelshøgskolen ved UiS er organisert i tre avdelingar: Avdeling for innovasjon, leiing og marknadsføring, Avdeling for rekneskap og rettsvitskap og Avdeling for samfunnsøkonomi og finans.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig eittårig vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Handelshøgskulen ved UiS, fakultetsadministrasjonen frå 1. mai 2022.

Den som vert tilsett skal gi kommunikasjonsfaglege råd og rettleiing til fakultetsleiinga og vil få ei sentral rolle i arbeidet med å nå ut til, og motivera nye studentar innanfor økonomi, jus, innovasjon samt leiarskap. Vedkommande skal bidra til at fakultetet sitt studietilbod og forskning blir kjend blant relevante målgrupper, både nasjonalt og internasjonalt. Det er viktig at den som vert tilsett har god kjennskap til innhaldspublisering i digitale kanalar.

Kommunikasjonsrådgjevaren inngår i eit institusjonelt nettverk innanfor kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS.

Hovudoppgåver

  • profilera studietilbodet til fakultetet
  • formidla FOU-aktivitetane til fakultetet og -resultat
  • planlegga og delta i marknadsførings-/rekrutteringsaktivitetar
  • vidareutvikla eksterne og interne nettsider og publisera innhald på desse
  • utarbeida informasjons- og marknadsføringsmateriell
  • gi kommunikasjonsfaglege råd til fakultetsleiinga

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgre utdanning innanfor kommunikasjons/marknadsføring/journalistikk, fortrinnsvis mastergrad. Særskild relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet
  • relevant og erfaring frå stategisk og operasjonelt kommunikasjons- og marknadsarbeid innan forskning eller studieverksemd og utadrettet arbeid
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy, og dessutan innsikt i strategisk bruk av sosiale medium, grafisk design, streaming etc
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Søkar må beherske begge målformer (bokmål og nynorsk)

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har erfaring med aktuelle system og program som kan nyttast i kommunikasjonsarbeid
  • har innsikt i informasjonstrygging og personvern
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 550.000 - 650.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptekne av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil menn bli prioritert føre kvinner.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til fakultetsdirektør Egil Kristensen, tlf: 51833776, e-post: egil.kristensen@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Kirsten Sikveland, tlf: 51833701, e-post: kirsten.sikveland@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdigheiter registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må vera på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Det er difor viktig at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava i utlllysningsteksten.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS