LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar ved Institutt for framandspråk

Søknadsfrist: 30.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar ved Institutt for framandspråk

Vil du vere med å utvikle eit internasjonalt, dynamisk og spennande forskings- og undervisningsmiljø? Fakultetet søkjer instituttleiar for Institutt for framandspråk med oppstart 01.08.2021 eller snarast mogleg etter dette.

Instituttet har om lag 60 faste, vitskapelege tilsette, omlag 25 rekrutteringsstillingar og 10 tilsette i teknisk-administrative stillingar. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Innanfor desse faga blir det òg forska ved instituttet, og fleire større, eksternfinansierte forskings-, samarbeids- og utviklingsprosjekt er forankra ved Institutt for framandspråk. Fagmiljøa rekrutterer og samarbeider internasjonalt. I tillegg til det ordinære undervisningstilbodet har instituttet eit breitt utval av vidareutdanningskurs, ikkje minst retta mot lærarar i skuleverket. Forskinga ved instituttet spenner over fleire fagdisiplinar som språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap/historie og fagdidaktikk, og vi har for tida forskingsprosjekt innan mellomalderlitteratur, klimadiskurs, islamsk lovgiving, fleirspråklegheit og aldring.

Instituttet er ein del av Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, som vart oppretta i 1948 og gjennom 70 år har utvikla seg som det nest største humanistiske fagmiljøet i Noreg. Fakultetet har om lag 550 tilsette og 3500 registrerte studentar fordelte på 60 studium ved fire institutt og to sentrer. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar, og tilsetjingsperioden er fire år med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode. Institutt for framandspråk er det nest største framandspråksinstituttet i Noreg og vi forskar og underviser i og på ni framandspråk.

Instituttleiarstillinga er utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. I stillinga vil du få godt høve til å utvikle deg som leiar i nær samhandling med ei leiargruppe ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. Du er leiar for den faglege og administrative staben og har høve til å påverke og forme instituttet som arbeidsplass, fageining og samfunnsaktør. Som instituttleiar tar du del i den faglege og organisatoriske verksemda på institutt, fakultet og universitet. Du må vere ein aktiv leiar som stimulerer til utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet.

Arbeidsoppgåver

Instituttleiaren har det overordna ansvaret for instituttet si samla faglege og administrative verksemd, med dei avgrensingar som er gitt gjennom kompetansen til eit vald instituttråd. Leiaren representerer instituttet ved UiB og overfor omverda. Ansvarsområda til leiaren omfattar overordna strategisk planlegging og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning, formidling og administrasjon. Stillinga har arbeidsgivaransvar med personalansvar ved instituttet, ansvar for arbeidsmiljø/HMS, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker. Instituttleiaren har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innafor rammevilkår gitt av fakultetsstyret.

Det valde fakultetsstyret legg overordna rammer for verksemda ved fakultetet og institutta. Den som vert tilsett vil vere øvste leiar av instituttet og vil inngå i ei leiargruppe saman med forskingskoordinator, undervisningskoordinator, administrasjonssjef og studieleiar. Instituttleiarane deltek òg i leiargruppa ved fakultetet saman med dekanat og fakultetsdirektør. Den valde dekanen ved fakultetet er næraste overordna til instituttleiaren.

Med stillinga følgjer det driftsmidlar som er disponert av instituttleiar.

Kvalifikasjonar

Til stillinga søkjer fakultetet ein velkvalifisert forskar, normalt med professorkompetanse og leiarerfaring innanfor instituttet sine fagområde eller nærskylde fagfelt. Søkjarar må ha god kjennskap til vilkår for forskingsfinansiering og samanliknbare forskings- og utdanningsinstitusjonar, både nasjonalt og internasjonalt. Røynsle frå nasjonalt og internasjonalt orientert forskings- og utdanningssamarbeid, og røynsle med å hente inn eksternfinansierte prosjekt, vil vere ein føremon.

Den som vert tilsett må vere resultatorientert og personleg eigna for stillinga.

Aktuelle søkjarar må ha gode evner til å leie og motivere, samarbeide og kommunisere, og dei må kunne skape gode relasjonar til og mellom dei tilsette.

Administrasjonsspråket ved Universitetet i Bergen er norsk, og den som vert tilsett må meistre eit skandinavisk språk både skriftleg og munnleg ved tilsetting.

Løn

Løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale, lønssteg 84-88 (kode 1475) avhengig av kompetanse og erfaring. Dette svarar for tida til mellom 909 600 - 1 019 000,- i full stilling per år før skatt. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida, "Søk på jobben" til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 30.05.2021

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS