LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Søknadsfrist: 20.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og t senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar

Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen vart oppretta i 1948 og har gjennom 70 år utvikla seg til å bli det nest største humanistiske fagmiljøet i Noreg. Fakultetet har om lag 550 tilsette og 3500 studentar, fordelte på 60 studium ved fire institutt og to senter. Fakultetet søkjer instituttleiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) med tilsetjing frå 01.08.2021. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar, og tilsetjingsperioden er fire år. Det er høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.

AHKR har om lag 45 faste, vitskapelege tilsette, om lag 35 rekrutteringsstillingar og 12 tilsette i administrative stillingar. Instituttet samlar fire tradisjonsrike og nærståande fag og har som mål å ivareta og utvikle faga sin eigenart slik at dei kan danne basis for nyskapande og fleirfagleg forskings- og undervisningssamarbeid. AHKR har eit breitt undervisningstilbod i alle fire fag frå bachelor- til ph.d.-nivå og åtte fleirfaglege forskargrupper. Instituttet har også ein omfattande portefølje av eksternfinansierte prosjekt, mellom anna eit senter for framifrå forsking,

Instituttleiarstillinga er utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. I stillinga vil du få godt høve til å utvikle deg som leiar, i nær samhandling med leiargruppa ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. Du er leiar for den faglege og administrative staben og har høve til å påverke og forme instituttet som arbeidsplass, fageining og samfunnsaktør. Du må vere ein aktiv leiar som stimulerer til utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet, og du vil ta del i den faglege og organisatoriske verksemda på både fakultets- og universitetsnivå. Som instituttleiar får du dermed stor innverknad på utviklinga av humaniora som fagfelt.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Instituttleiaren har det overordna ansvaret for instituttet si samla faglege og administrative verksemd, med dei avgrensingar som er gitt gjennom kompetansen til eit vald instituttråd. Leiaren representerer instituttet ved UiB og overfor omverda. Ansvarsområda til leiaren omfattar overordna strategisk planlegging og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning, formidling og administrasjon. Stillinga har arbeidsgivaransvar med personalansvar ved instituttet, ansvar for arbeidsmiljø/HMS, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker. Instituttleiaren har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innafor rammevilkår gitt av fakultetsstyret.

Det valde fakultetsstyret legg overordna rammer for verksemda ved fakultetet og institutta. Den som vert tilsett vil vere øvste leiar av instituttet og vil inngå i ei leiargruppe saman med forskingskoordinator, undervisningskoordinator, administrasjonssjef og studieleiar. Instituttleiarane deltek òg i leiargruppa ved fakultetet saman med dekanat og fakultetsdirektør. Den valde dekanen ved fakultetet er næraste overordna til instituttleiaren.

Kvalifikasjonar

Til stillinga søkjer fakultetet ein velkvalifisert forskar, normalt med professorkompetanse og leiarerfaring innanfor instituttet sine fagområde eller nærskylde fagfelt. Søkjarar må ha god kjennskap til vilkår for forskingsfinansiering og samanliknbare forskings- og utdanningsinstitusjonar, både nasjonalt og internasjonalt. Røynsle frå nasjonalt og internasjonalt orientert forskings- og utdanningssamarbeid, og røynsle med å henta inn eksternfinansierte prosjekt, vil være eit føremon.

Den som vert tilsett må vere resultatorientert og personleg eigna for stillinga. Aktuelle søkjarar må ha gode evner til å leie og motivere, samarbeide og kommunisere, og dei må kunne skape gode relasjonar til og mellom dei tilsette.

Løn

Løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale, lønssteg 83-87 (kode 1475) avhengig av kompetanse og erfaring. Dette svarer for tida til mellom kr. 886 00 – 996 200,- i full stilling per år før skatt. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Nærare opplysningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Jørgen Sejersted, tlf. 55 58 29 75 / e-post: Jorgen.Sejersted@uib.no eller
  • Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen, tlf. 55 58 93 41 / e-post: Kim.Hommen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida, "Søk på jobben" til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 20.12.2020

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS