Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Førstekonsulent / rådgivar - Seksjon for rekneskapsstatistikk

Søknadsfrist: 19.10.2020

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå − tal som fortel


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon

Bli med i teamet som kartlegg kompliserte konsern i SSBs verksemd- og føretaksregister

Vi søkjer en økonom som jobbar strukturert, ser samanhengar i store datamengder og samarbeider godt.

I Seksjon for rekneskapsstatistikk og Verksemd- og føretaksregisteret (VoF) er det ei ledig stilling som førstekonsulent/rådgivar. Seksjonen har ansvaret for å oppdatere og kvalitetssikre VoF, som er grunnlagsregister for mellom anna SSB sin næringsstatistikk.

Næringslivet vert stadig meir kompleks og globalisert, og for å spegle denne utviklinga må SSB modernisere og utvikle VoF. Vi må forstå den operasjonelle strukturen i næringslivet, fange dimensjonar knytt til auka globalisering og etterleve forordningar frå EU. Den nye medarbeidaren skal medverke i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Kartleggje organisasjonsstrukturen i kompliserte konsern, inkludert arbeid med å identifisere og klassifisere einingar som skal handsamast særskilt i SSB sine statistikkar
  • Vidareutvikle den internasjonale dimensjonen i registeret
  • Delta i samarbeidsprosjekt med andre fagmiljø i SSB
  • Etablere rutinar og kontrollar for å sikre at VoF dekkjer behova til brukarane, er kvalitetssikra og fortløpande oppdatert
  • Arbeidet medfører utstrekt samarbeid med fagmiljøa i SSB, det internasjonale statistikkmiljøet og med eksterne partar
  • Andre oppgåver kan òg vere aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradsnivå, fortrinnsvis siviløkonom
  • Ha evne til å sjå økonomiske samanhengar og gjere eigne vurderingar
  • Kjennskap til norsk næringsliv
  • God IT-kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
  • Erfaring frå registerarbeid og statistikkproduksjon er ein fordel
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig tilnærming til arbeidet
  • Løysingsorientert og målretta
  • Systematisk og leveringsdyktig
  • Gode analytiske evner
  • Personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar, kr. 456 400 - 552 800 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn ellerstillingskode kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Eit sterkt fagleg miljø med høve til eigenutvikling, i ei verksemd med eit viktig samfunnsansvar
  • Fleksibel arbeidstid, treningstilbod og god pensjonsordning
  • Trivelege lokale med parkering

Generelt

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Webcruiter-ID: 4292164890

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Anders Haglund (Seniorrådgiver), 951 37 280
  • Camilla Torp (Seksjonssjef), 905 90 937
Powered by Labrador CMS
Powered by Labrador CMS