LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senioringeniør (Det matematisk - naturvitenskapelige fakultet)

Søknadsfrist: 15.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som senioringeniør, finansiert av eksterne prosjekt. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som senioringeniør, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis vert då redusert tilsvarande.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Instituttet huser også Computational Biology Unit (CBU), kvar vår forskingsgruppe i bioinformatikk er ein del av. CBU koordinera ELIXIR Norway, den norske noden i ELIXIR, den europeiske ESFRI infrastrukturen for livsvitenskap data.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av CBU Service Group, og hovudarbeidsoppgåver vil vera programmering og utvikling av programvaresystem i eit vitskapeleg miljø med fokus på e-infrastruktur for bioinformatikk og berekningsbasert biologi.

Stillinga bidrar til utviklingsarbeid i ELIXIR Norway samanheng, inkludert nasjonale og internasjonale infrastruktur prosjekt knytt til ELIXIR Norway noden.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad innanfor informatikk eller tilsvarande utdanning. Lang relevant arbeidserfaring med programutviklingsarbeid, kombinert med relevante kurs, kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Stillinga krev programmeringserfaring i Java og Python, minst eit av desse på eit høgt nivå, samt forståing av mikroteneste basert systemarkitektur.
  • Erfaring med utvikling av front-end applikasjonar (jQuery, Angular, React etc) er ønskjeleg.
  • Søkjarar må kunne dokumentere god erfaring med versjonskontroll system som git e.l., og ha kjennskap til agil/iterativ programvareutvikling.
  • Vi nyttar Linux som systemplattform, og nyttar i stor grad virtualiseringsteknologi. Vi ønskjer søkjarar med god kjennskap til begge desse felta.
  • Praksis frå arbeid med containerteknologi som Docker (byggje og administrera) er ønskjeleg. Kjennskap til containerorkestrering med til dømes Kubernetes vil vera eit føremon.
  • Erfaring med utvikling av distribuerte system og tilhøyrande teknologiar (AMQP/message passing, køsystem for berekningsklynger) er ønskjeleg.
  • Erfaring med programutviklingsarbeid i eit geografisk distribuert team, og i eit multi-kulturelt fellesskap er ønskjeleg.
  • Vi utviklar infrastruktur for fagfeltet livsvitskap, og grunnleggande kunnskap innan
  • molekylærbiologi/biomedisin vil vera eit føremon.
  • Vi forventar entusiasme og uavhengigheit samt evne til å jobbe i eit tverrfagleg teammiljø.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 59-67 (for tida kr 534 400– 615 800,-) i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 55-62 (for tida kr 499 500– 563 900) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim

Tilsetting er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 15. januar 2022.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS