Senioringeniør (50 %) - Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Søknadsfrist: 02.10.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Senioringeniør
Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, det psykologiske fakultet, er det ledig ei 50 % fast stilling som senioringeniør.
Instituttet har undervisning og forsking knytt til elektrofysiologiske laboratorium. Fleire av instituttet sine forskingsgrupper bruker dette i si forsking av funksjonar knytt til hjerne og åtferd.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga som senioringeniør skal fortrinnsvis støtte drift og forskingsaktivitet knytt til instituttet sine elektrofysiologiske laboratorium.
Det er eit ønske om kompetanse innan:
Lage/sette opp EEG/EKG/TMS-eksperiment
Vedlikehald av eksperimentelt utsyr
Støtte forskarar som har prosjektdeltakarar i laboratorium
Programmering (som python, matlab og JAVA)
Maskinlæring
Analysering av store datasett
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha utdanning på doktorgradsnivå eller tilsvarande kompetanse innanfor relevante fagområde som psykofysiologi og ingeniørvitskap .
Stillinga krev god kjennskap til psykofysiologiske metodar som EEG/EKG/TMS og oppsett av eksperiment med slike metodar.
Stillinga krev programmeringserfaring som i Java og Python.
Det vil være ei føremon med god kjennskap til administrasjon av Linux-baserte systemplattform og bruk av avanserte visualiseringsteknologiar.
Søkjarar må vise entusiasme samt evne til å jobbe uavhengig i eit tverrfagleg teammiljø.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn i stilling som senioringeniør (kode 1181) i det statlege lønsregulativet for tida kr 573 900– 626 300
For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar professor Lin Sørensen, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, e-post: lin.sorensen@uib.no , tlf. 55 58 62 07)
Administrasjonssjef Hege Folkedal, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, e-post hege.folkedal@uib.no , tlf. 55 58 62 78
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.