Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 18.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (100 %).

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga omfattar høgt kvalifisert fagleg arbeid innan molekylærbiologi.
  • Den som vert tilsett vil ha ansvar for dagleg laboratoriedrift for ei forskingsgruppe.
  • Stillinga vil omfatte både lab-arbeid, administrasjon, forsking og rettleiing av studentar på lab.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad innanfor biomedisin eller molekylærbiologi. Søkjar må og ha doktorgrad i same fagfelt for å kunne drive sjølvstendig forskingsaktivitet
  • omfattande relevant praksis er eit krav
  • søkjar må ha erfaring med rettleiing for studentar på mastergradsnivå
  • søkjar må ha omfattande og dokumentert erfaring med standard molekylærbiologiske metodar
  • vidare må søkjar kunne dokumentere spisskompetanse innan sentrale modellsystem , det vil seie molekylærbiologiske analyser og genetisk manipulering, som gruppa arbeidar med dagleg, minimum røynsle med a) sebrafisk, b) gjær (S. cerevisiae), og c) humane cellelinjer.
  • gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har erfaring frå organisering og med rolle som ansvarleg for laboratoriedrift

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 513 600 - 552 800). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast .
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS
Powered by Labrador CMS