LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Systemutviklar for forskingsinfrastrukturprosjektet SAMLA (vikariat, 80%)

Søknadsfrist: 01.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig eit vikariat som systemutviklar (overingeniør 1087 eller senioringeniør 1181) i 80 % i perioden november 2023 til mai 2024 for forskingsinfrastrukturprosjektet SAMLA. Stillingane er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, faggruppa for digital utvikling. Faggruppa Digital utvikling består av ca. 15 tilsette og er særleg knytt til digital forskingsinfrastruktur og open vitskap.

UB forvaltar sjølv store mengder kulturhistoriske samlingar og er leverandør for spesialsamlinganes nettstad på marcus.uib.no. Samlingane er viktige for forsking, formidling og utdanning ved Universitetet i Bergen, og nyttas også av offentleg forvalting, skuleverket og allmennheita. I samarbeid med fagmiljøa utviklar og driftar faggruppa tenester og løysingar for kulturhistoriske samlingar, språkteknologi, tekstarkiv og vitskapleg publisering.

Digital utvikling er deltakar i det nasjonale forskingsinfrastrukturprosjektet SAMLA, som digitaliserer og gjer tilgjengeleg norsk kulturarv. Prosjektet leiast av Det humanistiske fakultet ved UiB.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i å lage ny infrastruktur og tenester for SAMLA.
  • Prosjektkommunikasjon og brukardialog.
  • Programmere mot interne og eksterne api-ar.
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av arkitektur, metodikk, arbeidsprosessar, kode og dokumentasjon.
  • Utnytte skytenester gjennom konfigurasjon og kode så langt det er mogleg.
  • Delta i aktivitetar knytt til formidling av tenester og teknisk infrastruktur om SAMLA.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • For å bli tilsett som overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med Java.
  • Erfaring med eitt eller fleire av følgande teknologiar (fortel gjerne i søknaden kva slag teknologiar du har kjennskap til):
    • backend JavaScript/TypeScript, PHP, Python
    • frontend med React, CSS, HTML, Vue og tilsvarande teknologiar
    • DevOps, inkludert automatisering og kontinuerlege leveransar
    • utvikling og løysingsdesign
    • oppsett av utviklings-, test- og produksjonsmiljø
  • Erfaring med versjonskontroll (Git) blir vektlagt.
  • Erfaring med humaniora (kulturhistorie/folkloristikk) / arkivarbeid blir vektlagt.
  • Generell prosjekterfaring er eit fortrinn
  • Gode munnlege og skriftlege språkkunnskapar i norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk.

Vi ser etter deg som:

  • er nysgjerrig på ny teknologi
  • er kvalitetsbevisst med evne til å sjå heilskap
  • liker godt dokumentert og strukturert kode
  • samarbeider godt og deler din kunnskap med andre
  • er opptatt av brukarperspektivet i utvikling av tenester
  • god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.

Personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB og nasjonalt.
  • Arbeid i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) kr. 575 400 – 604 900 eller senioringeniør (kode 1181) kr. 646 000 – 667 700 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. 
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Moglegheit å søke om avtale for heimearbeid. 
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, e-post karin.rydving@uib.no eller 
  • Fagleg leiar Juliane Tiemann tlf. 55 58 24 62, e-post juliane.tiemann@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS