LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senioringeniør / overingeniør (systemutviklar)

Søknadsfrist: 24.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør/overingeniør (systemutviklar)

Ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen er det ledig inntil to stillingar som senioringeniørar, systemutviklarar. Om det ikkje meldar seg kvalifiserte søkjarar til stillingane som senioringeniør kan det bli aktuelt å tilsetje ein eller to kandidatar i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis blir i så tilfelle redusert tilsvarande.

Om Institutt for informatikk

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Om du ynskjer å vere ein del av eit gjennomgåande internasjonalt arbeidsmiljø, og å bidra til framifrå forskingsprosjekt, så søk jobb hos oss på Institutt for informatikk.

Instituttet er stort, og har vore i sterk vekst dei siste åra. No har vi om lag 1000 studentar innom oss, og av dei 150 tilsette er nærare 40forskjellige nasjonalitetar representert. Desse stillingane vil vere ein del av teknikarteamet på Computational Biology Unit (CBU), som er UiB sitt forskingssenter for bioinformatikk. CBU koordinerer ELIXIR Norway, den norske noden i ELIXIR, den europeiske ESFRI infrastrukturen for livsvitskap data.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er ein del av CBU Service Group, og hovudarbeidsoppgåver vil vere programmering og utvikling av programvaresystem i eit vitskapeleg miljø med fokus på e-infrastruktur for bioinformatikk og berekningsbasert biologi. Stillinga bidrar til utviklingsarbeid i samanheng med ELIXIR Norway, inkludert nasjonale og internasjonale infrastruktur prosjekt knytt til ELIXIR Norway noden. Eit sentral prosjekt har fokus på sikker datadeling av sensitive livsvitskapdata og kontrollert tilgang i eit distribuert system.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein utdanning på mastergradnivå innanfor informatikk. Lang relevant arbeidserfaring med programutviklingsarbeid kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Stillinga krev programmeringserfaring i Java og Python, minst eitt av desse på eit høgt nivå, samt forståing av mikroteneste-basert systemarkitektur. Røynsle frå Go (Golang) programmering er ein stor føremon.
  • Søkjarar må kunne dokumentere god erfaring med system for versjonskontroll som git e.l., og ha kjennskap til agil/iterativ programvareutvikling.

Vi håper at du også har fleire av punkta under:

  • Vi nyttar Linux som systemplattform, og nyttar i stor grad virtualiseringsteknologi. Vi ønskjer søkjarar med god kjennskap til begge desse felta.
  • Praksis frå arbeid med containerteknologi som Docker (byggje og administrere) er sterkt ønskjeleg.
  • Erfaring med utvikling av distribuerte system og tilhøyrande teknologiar (t.d. AMQP/message passing) er ønskjeleg.
  • Erfaring med programutviklingsarbeid i eit geografisk distribuert team, og i eit multikulturelt fellesskap er ønskjeleg.
  • Vi utviklar infrastruktur for fagfeltet livsvitskap, og grunnleggande kunnskap innan molekylærbiologi/biomedisin vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar er viktige, og det blir lagt vekt på desse:

  • Vi forventar entusiasme, samt evner til å jobbe i eit tverrfagleg teammiljø.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og høg integritet.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Særeigne krav for denne stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 66-75 for tida kr 646 000 - 759 100,- i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 59-68 for tida kr 575 400 - 667 700 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine interesser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter/vitnemål, og relevante sertifikat/kursbevis
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • CV

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Inge Jonassen, Inge.Jonassen@uib.no eller 
  • Gruppeleiar Kjell Petersen, Kjell.Petersen@uib.no

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Karoline Christiansen, karoline.christiansen@uib.no.

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan tilsvarande arbeidsområde ved Institutt for Informatikk eller ved Universitetet i Bergen.

Universitetet i Bergen har et mål om at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfaldet i befolkninga i størst mogleg grad. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Universitetet i Bergen legg vekt på å legge arbeidsforholda til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Spørsmål om stillinga

  • Karoline Christiansen (HR-rådgiver), 55 58 47 70, karoline.christiansen@uib.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS