Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør / Overingeniør - Sky og tungrekning (linux)

Søknadsfrist: 29.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør/Overingeniør - Sky og tungrekning (linux)

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!Ved IT-avdelinga, Faggruppe for vitskapeleg databehandling er det ledig ei fast stilling overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling og drift av vitskapeleg infrastruktur. IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. ITavdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. ITavdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITILrammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vidareutvikling av teneste for vitskapeleg databehandling
  • Deltaking i prosjekter i e-infrastruktur lokalt, nasjonalt og internasjonalt for behandling av forskningsdata
  • Automatisering av drift og tjenester for vitskapeleg databehandling
  • Utvikling og drift av overvåkning løsninger for infrastruktur og tjenester
  • Programmering og automatisering mot skyplattformer
  • Feilsøking og feilretting på tenesta
  • Brukarstøtte og opplæring på bruk av vitskapelege tenester
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse innan programmering (helst Python, annet likt språk kan vurderes)
  • Kompilering og drift av programvare på Linux
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
  • Interesse for brukarinteraksjon
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet
  • For å bli tilsett som overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Det er ønskelig om du har kjennskap til en eller flere av følgende:

  • Git
  • DevOps
  • Containers og Kubernetes
  • Bruk av Public Cloud, (eg AWS, Azure, GCP, IBM Cloud)
  • Programmering og automatisering mot skyplattformer
  • Bruk og drift av tungrekneressursar
  • Fortran, C/C++
  • Ansibel, Teraform

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, 53-71 (for tida kr 472 000- 655 400), eller 58-71 (for tida kr 513 600- 655 400) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller
  • Gruppeleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS