LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør / senioringeniør innen IT-sikkerheit

Søknadsfrist: 10.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelingar. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vær med å sikre fremtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen

Med auka behov for sikre digitale løysingar søkjer UiB å styrke IT-sikkerheitsgruppa. Gruppas primæroppgåver er informasjon, kommunikasjon og styring av informasjonssikkerheit og personvern for UiB, samt operativt arbeid med IT-sikkerheit. Vi er ute etter ein person som kan delta i det operative arbeidet med informasjonssikkerheit og personvern og bidra til å styrke vår kompetanse på området.

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 115 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.

Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4300 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her.

Arbeidsoppgåver:

  • Overvaking og analyse av loggar/trafikkdata
  • Delta i oppbygging av infrastruktur for logganalyse
  • Oppfølging av konkrete hendingar og brudd på sikkerheit
  • Gi råd om konkrete tiltak for å sikre informasjon, gjenoppretting og ev. redusering av skade
  • Bistå ifm. ROS-analysar
  • Inngå i UiBs Incidence Response Team (IRT) og delta i beredskapssituasjonar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Grunnleggande kompetanse innanfor informasjonsteknologi og personvern
  • God forståing av det digitale trusselbildet og utfordringar innan IT-sikkerheit
  • God teknisk forståing av Mac, Windows og Linux
  • Erfaring frå utvikling eller drift av IT-systemar
  • Erfaring med scriptspråk (Bash, Python, PowerShell)
  • Erfaring med å handsame hendingar innan IT-sikkerheit og å delta i beredskapsarbeid vil vere ein fordel
  • Det blir krevd mastergrad innan relevant fagområde. Realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for kravet om utdanning

Vi søkjer ein person som er:

  • Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysinger
  • Påliteleg og har integritet med tanke på å handtere fortruleg informasjon
  • Sjølvstendig, strukturert og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Nysgjerrig og med evne til å tileigne seg nødvendig kompetanse
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap
  • Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk)

Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1180), løn kr. 600 000 til 750 000 avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jon Eikhaug (jon.eikhaug@uib.no, tlf: 55 58 42 70) , eller
  • IT-direktør Tore Burheim (tore.burheim@uib.no, tlf: 55 58 42 30)

Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS