LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskingsingeniør - Senter for digitale fortellingar

Søknadsfrist: 10.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, faggruppe Digital utvikling er det ledig ei fast 100 % stilling som forskingsingeniør (overingeniør 1087 eller senioringeniør 1181). Dine arbeidsoppgåver vil være knytt til Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for fremragende forsking knytt til Det humanistiske fakultet.

Senter for digitale forteljingar (CDN) er finansiert av Norges forskningsråd. Senteret har fokus på algoritmisk narrativitet, nye miljø for forteljing og dei skiftande kulturelle kontekstane kor digitale forteljingar vert mottatt og omarbeidde. Vi undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege agentar fører til nye forteljingsformer, korleis materialiteten til digitale fortellingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle samanhengar formar digitale forteljingars materialitet, bruk og funksjon. Les meir om CDN her.

Senter for digitale forteljingar er eit dynamisk forskingsmiljø som held til i hjartet av Universitetet i Bergen. Senterets aktivitetar inkluderer forskargruppemøter, interaksjonar med internasjonale forskingsleiarar innan digital fortelling, forskarutdanning, Ph.d.- sommarskular, symposiar, workshops og utstillingar.

Vi søker ein databasearkitekt og utviklar, som vil jobbe med oss for å vidareutvikle ein eksisterande forskingsdatabase til eit nytt format med nye funksjonalitetar. Samarbeide med CDN-teamet om tekniske aspekt ved andre forskingsprosjekt, inkludert Digital Humaniora-prosjekt og kreativt arbeid i digitale media. Du vil også delta i feilsøking og støtte for anna teknisk forskingsinfrastruktur innan senteret.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i databasearkitektur, utvikling og drift, inkludert brukargrensesnitt.
  • Halde seg oppdatert og gi råd til forskarar om nye digitale teknologiar.
  • Gi teknisk forskingsstøtte.
  • Leie praktiske utviklingsverksteder om programvare og applikasjonar for forskarar.
  • Gi råd til forskarar om tekniske aspekt ifm prosjektarbeid og prosjektsøknadar.
  • Være eit bindeledd mellom senteret, Universitetsbiblioteket i Bergen og IT-avdelinga
  • Delta i relevante aktivitetar knytt til faggruppa Digital utvikling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Bachelorgrad innan informasjonsvitskap, informatikk, digital humaniora eller anna relevant fagområde. For å bli tilsett som overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Kompetanse og praktisk erfaring med databaseutvikling.
  • Kompetanse innanfor SQL og Drupal.
  • Kompetanse innanfor eit eller fleire av disse språka: JavaScript, PHP, Java, Python, R, Git, Kubernetes, C#. Utdjup gjerne i søknaden korleis du oppfyller kvalifikasjonskrava.
  • Erfaring frå arbeid i eit forskingsmiljø er ein fordel.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk. Sidan norsk er administrasjonsspråket ved UiB, er det ein føresetnad at framandspråklege søkarar tileignar seg disse kunnskapane.

Eigenskapar:

  • Interesse for å jobbe med nye teknologiar som VR, AI og fysisk databehandling.
  • Interesse for å lære om nye teknologiar, plattformer og innovative applikasjonar.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner i team med mangfald av bakgrunnar og ferdigheiter.
  • God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Strukturert, brukarorientert og organisert arbeidsmåte.

Personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB og nasjonalt.
  • Arbeid i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Lønn som overingeniør (kode 1087) kr. 494 000 – 615 000 eller senioringeniør (kode 1181) kr. 535 000 – 662 000 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Moglegheit til å søke om avtale for heimearbeid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS