LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

AV-koordinator - overingeniør / senioringeniør

Søknadsfrist: 18.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

AV-koordinator - overingeniør / senioringeniør

Vil du være med å skape framtidas AV-løysing for UiB?Undervisinga på universitet og høgskular er i kraftig endring. Nye undervisningsformer utviklar seg og dei tekniske løysingane må følge etter. Studentar og undervisarar er ikkje lenger alltid i same rom, men kommuniserer meir og meir ved bruk av video og over nett. UiB treng deg som vil være med på ei reise; frå tradisjonelle auditoriar og seminarrom til fleksible læringsareal og nye læringsformer, frå tradisjonelle AV-løysingar og over i AV-over-IP og automatiserte, nettverksbaserte løysingar.

Ved IT-avdelinga, produktlinje for digitale læringsarenaer, er det ledig ei fast stilling som overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling, drift og innkjøp av AV-utstyr til bruk i areal som ikkje har eit fast brukarmiljø, men der fleire aktørar kan booka tid.

Dette omfattar både undervisningsareal, møterom med samhandlingsteknologi og meir scene-baserte areal. Me treng deg som vil være ein viktig bidragsytar på reisa me har byrja, som kan være med og smelte saman undervisningsteknologi, samhandlingsteknologi og IT. Me treng deg som vil være med å automatisere, standardisere, generalisere og overvake AV-løysingane slik at me får enda meir effektiv drift men likevel kan tilpasse dei til varierte behov. Stillinga vil også være eit viktig bindeledd mellom IT-avdelinga, Eigedomsavdelinga og dei ulike brukarane.På UiB finnes det så langt rundt 60 slike areal og mengda aukar på, så reisa er ikkje over med det første. Stillinga kan også verte tillagt oppgåver med utvikling og drift av andre AV- og IT-løysingar samt oppgåver knytt til generell drift av løysingar for AV og anna undervisningsteknologi.IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar.

Arbeidsoppgåver:

  • Innkjøp, drift, og løysingsdesign av AV og undervisningsteknologi for fleksible areal ved UiB
  • Samarbeid med og oppfølging av leverandørar av AV-utstyr og service.
  • Konfigurasjonsstyring, sikring og robustifisering av løysingane du har ansvar for
  • Feilsøking og feilretting på tenesta.
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar
  • Anbod og avrop på avtalar ved bestilling av nye løysingar
  • Utredning, prosjektdeltaking eller -leiing innan dine eller nærliggande fagområde

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God kompetanse innan nettverk og IT.
  • Rik kompetanse og praktisk erfaring innan AV, lyd og bilete.
  • Erfaring med software- og hardware-baserte løysingar for videokommunikasjon
  • Grundig, detaljorientert, men må også ha evne til å sjå samanhengar.
  • Sjølvstendig, men må og kunne arbeide i team.
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap.
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet.
  • For å bli tilsett som overingeniør eller senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Det er ei fordel om du har:

  • Røynsle med skyløysingar for administrasjon og drift av maskinvare.
  • Kompetanse innan universell utforming for lyd og bilete
  • Røynsle med protokollar som Dante, Dali og KNX.
  • Røynsle med konfigurasjon av produkt frå Crestron, Mersive eller Zeevee

Me vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar. Overingeniør er plassert i lønnstrinn 53-75 (for tida kr. 483 700 – 715 900). Senioringeniør er plassert i lønnstrinn 58-77 (for tida kr. 524 900 – 752 800)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse. God pensjonsordning og moglegheit til å søke om meget gode rentebetingelser på boliglån
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Produktgruppeleier Karianne Omdahl (karianne.omdahl@uib.no / 41413368) eller
  • Produktlinjeleiar Stian Gisnås (stian.gisnas@uib.no / 90620737)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS