Teamleiar - Digital infrastruktur og tenester for forsking
Søknadsfrist: 01.10.2021
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast stilling som teamleiar (fagleg leiar) for digital utvikling (senioringeniør 1181) i 100 % stilling. Stillinga er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte.
Faggruppa består av ca 15 tilsette og er særleg knytt til digital forskingsinfrastruktur og open vitskap. Den digitale infrastrukturen er viktig for forsking, formidling og undervisning ved Universitetet i Bergen. Den nyttas også av offentleg forvaltning, skuleverket og allmennheita. I samarbeid med fagmiljøa utviklar og driftar faggruppa tenester og løysningar for kulturhistoriske samlingar, språkteknologi, tekstarkiv og vitskapleg publisering. Faggruppa bidrar i utvikling av Digital Lab som ein fysisk og digital møteplass for forskjellige disiplinar.
Vi er opptatt av:
Innovative løysingar, kontinuerlege og berekraftige leveransar
Brukarperspektivet, og jobbar tett med fagmiljøa om design, utvikling og drift av løysningar og bruk av tenester
Arbeidsoppgåver:
Ansvar for å leie faggruppa digital utvikling.
Ansvar for å utvikle og forvalte digitale forskingsinfrastrukturar og tenester.
Legge til rette for gode brukarmedverkingsprosessar i utvikling av tenestene.
Inngå i leiargruppa i seksjonen.
Fremme eit sterkt fagleg og sosialt miljø.
Bidra til arbeid med kvalitet og sikkerheit av tenestene.
Delta i prosjekt og samarbeid på tvers lokalt ved UB, UiB, nasjonalt og internasjonalt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Mastergrad innan IKT-relaterte fag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Leiingserfaring vert vektlagt.
God evne til å lytte og motivere medarbeidarar.
Erfaring innan programmering, systemutvikling og UX-design vert vektlagt.
Erfaring med prosjektarbeid vert vektlagt.
God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (el. skandinaviske språk) og engelsk.
Eigenskapar
Nysgjerrig, god på å skaffe deg oversikt og sjå heilheit.
Inkluderande, sosial og med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Strukturert og fleksibel.
Med gode evner til å lede teamarbeid og til å prioritere og drive prosessar.
Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
Løn som senioringeniør (kode 1181) etter lønssteg 65 - 75. Dette utgjer for tida kr. 594 300 - kr. 715 900 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.