LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Produktleiar - digitalt læringsmiljø

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Produktleiar - digitalt læringsmiljø

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.

Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga vil ha en produktbasert tilnærming til våre leveransar. Den jobben har så vidt starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.

Ved IT-avdelinga er det ledig stilling som produktleiar for produktområdet digitalt læringsmiljø

Arbeidsoppgåver:

  • Leie produktgruppa digitalt læringsmiljø, med dagleg operativ leiing (til dømes personalleiing og økonomistyring for gruppa)
  • Utvikle tenester som inngår i UiB si primærverksemd innan digitalt læringsmiljø
  • Utvikle produkttenking med livløpsperspektiv i applikasjonsporteføljen
  • Kontakt og samhandling med fagmiljø, kundar og brukarar av IT-avdelingas leveransar knytt til læringsmiljøet ved UiB
  • Sikre at brukaranes behov omstillast til krav som gruppa kan levere på
  • Identifisere og sette i verk kontinuerlege forbetringstiltak for å raskare oppnå effekt og resultat.
  • Planlegging og styring av ende-til-ende leveransar for å forenkle brukaranes kontakt med IT-avdelinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du må ha:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • Solid forståing for IT-leveransar knytt til utdanningsområdet i høgre utdanning og digitale læringsplattformar. God generell IT-kompetanse.
  • Solid forståing for leveranse av IT-tenester til kompetente brukarar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Du må:

  • Ha høg arbeidskapasitet, arbeide systematisk med stor gjennomføringsevne
  • Ha leiareigenskapar, evne til å motivere andre og gode evner til personalbehandling. Endringsleiing.
  • Evne til strategisk planlegging, oversiktsblikk og heilheitstenking.
  • Evne til å samarbeide og bygge relasjonar med brukarar/kundar. Kundeoppfølging.
  • Vere serviceinnstilt og opptatt av å finne løysningar  
  • Vere nysgjerrig og med evne til å tileigne deg nødvendig kompetanse 

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) eller seniorrådgjevar (kode 1364) i ltr 70-75 (for tida. kr. 650 300 - 715 900) i statens regulativ etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • IT-direktør Tore Burheim (tore.burheim@uib.no, mobil 915 83 860) eller
  • Underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 46 47 46 44)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS