Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring skal bidra til at HVL er ein synleg og attraktiv institusjon og samarbeidspartnar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle eksternt samarbeid, styrke høgskulen sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som ein vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør. Avdelinga skal bidra til at HVL sine fagmiljø er attraktive samarbeidspartnarar for privat næringsliv og offentlege verksemder. Avdelinga har eit særskilt ansvar for å støtte fakulteta sitt arbeid med å utvikle studietilbod i eit livslangt læringsperspektiv, og tilby fleksible utdanningar.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring, har ledig ei fast stilling som kurs- og arrangementskoordinator
Om stillinga:
Stillinga er knytt til Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring.
Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle eksternt samarbeid, styrke høgskulen sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som ein vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør. Avdelinga skal bidra til at HVL sine fagmiljø er attraktive samarbeidspartnarar for privat næringsliv og offentlege verksemder. Avdelinga har eit særskilt ansvar for å støtte fakulteta sitt arbeid med å utvikle studietilbod i eit livslangt læringsperspektiv, og tilby fleksible utdanningar.
Stillinga rapporterar til teamleiar i Team for kurs- og arrangement. Avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring er personalansvarleg.
Arbeidsstad for stillinga er eitt av HVL sine studiestader: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord.
Noko reiseverksemd mellom HVL sine studiestader må påreknast.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåver i stillinga
Vere prosjektleiar/koordinator for enkeltarrangement
Koordinere større og mindre arrangement ved HVL (digitale, fysiske og hybridarrangementer)
Kommunikasjonsoppgåver knytt til profilering og synleggjering av kurs og arrangement
Tilretteleggje for kurs og fleksible vidareutdanningar i eit livslangt læringsperspektiv
Bidra til campusutvikling
Kvalifikasjonar:
Utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, helst masternivå
Administrativ erfaring og kompetanse tilpassa arbeidsoppgåvene i stillinga
Gode skriftlege og munnlege språkkunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk og engelsk
God digital kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring med prosjektleiing kan vere ei fordel
Erfaring med gjennomføring av digitale- og hybridkonferansar kan vere ei fordel
Erfaring med Event Management System (Crescat, Provisio, EventsAir eller liknande) kan vere ei fordel
Erfaring frå- og god kunnskap om universitets- og høgskulesektoren kan vere ei fordel
Erfaring med verktøy som FS kan vere ei fordel, men er ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
Evne til å vere pådrivar og arbeide sjølvstendig
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Fleksibel og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
Positiv, fleksibel og engasjert
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstid
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna blir det trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:
Fungerende teamleder, Team for kurs og arrangement: Thale Jacobsen Åsli, E-post: Thale.Jacobsen.Asli@hvl.no, Telefon: 976 82 910