LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Innovasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 05.02.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) har 5 institutt med totalt om lag 275 årsverk og 3050 studentar. Fakultetet blir leia av ein dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt ph.d-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap.

Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde. Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Fakultetsadministrasjonen, som er leia av administrasjonssjef, skal gje støtte til leiarar og administrativ og fagleg aktivitet i fakultetet i samarbeid med dei fellesadministrative tenestene innan HR, økonomi, studieadministrasjon og forskingsadministrasjon.

Administrasjonssjef sit i leiargruppa til dekan saman med instituttleiarane og prodekanar med strategisk ansvar for høvesvis forsking, utdanning og innovasjon.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig fast stilling som innovasjonsrådgjevar ved fakultetsadministrasjonen.

Om stillinga:

Ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN), er det ledig ei fast stilling som innovasjonsrådgjevar (rådgjevar/seniorrådgjevar). Stillinga er knytt til fakultetsadministrasjonen og ei gruppe som jobbar med å utvike innsatsområdet innovasjon og regional utvikling ved fakultetet. Fakultet ønskjer å ha ei sentral rolle innan samfunnsutvikling og nyskaping på Vestlandet. Teknologi speler ei viktig rolle på dei fleste samfunnsområde og er svært ofte ein drivar for innovasjon og omstilling. Innovasjonsrådgjevaren skal mellom anna jobbe med å fremje kunnskapsdeling med nærings- og samfunnsliv innan våre faglege profilområder, og slik bidra til å gjere fakultetet til ei drivande kraft for innovasjon på Vestlandet.

Arbeidsstad vil vere campus Førde, men ein må pårekne noko reiseverksemd.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Mobilisere til økt bruk av forskingsbasert innovasjon i bedrifter i regionen blant annan gjennom prosjektet FORREGION Vestland
  • Støtte opp om institutta i FIN sitt arbeid med livslang læring, med særleg fokus på å styrke det fleksible og desentraliserte utdanningstilbodet
  • Bidra i samhandling med regionale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, og vere eit bindeledd mellom institutta i FIN og nærings- og arbeidsliv i regionen, for å sikre at HVL bidrar til regional utvikling.
  • Bidra til å utvikle innsatsområdet innovasjon og regional utvikling ved fakultetet
  • Det kan bli pålagt andre utviklings- og administrative oppgåver innanfor fakultetsadministrasjonens ansvarsområde

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Master eller tilsvarande med relevans for den utlyste stillinga
  • God kjennskap til forsking og/eller innovasjonsprosessar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, kreativ og initiativrik
  • God evne til å samarbeide, liker å jobbe i team og er fleksibel
  • Gode formidlingsevner

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Innovasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar/ eller 1364 - seniorrådgjevar for særleg godt kvalifiserte søkjarar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Administrasjonssjef Henning Norhiem, e-post: henning.norheim@hvl.no
  • Førsteamanuensis Rannveig Litlabø, e-post: rannveig.litlabo@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS