LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Forskingsrådgjevar - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 30.05.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar,
masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast 100 % stilling som forskingsrådgjevar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga er lagt til prodekan for forsking si eining og vil vere ein del av fou-administrasjonen i fakultetet. Fakultesadministrasjonen tel omlag 55 personar fordelt på campusane Bergen, Sogndal og Stord, og hovudarbeidsstad for stillinga vil vere på ein av desse campusane.

Ansvars- og arbeidsoppgaver:

Forskingsadministrativt arbeid for leiing og fagmiljø ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Sentrale arbeidsoppgåver er:

  • Forskingsadministrativt arbeid saman med prodekan, forskingsprogramleiarar, forskargruppeleiarar og leiarar og tilsette i institutta som bidreg til at forskinga held høg internasjonal kvalitet og er med på å forme samfunns- og arbeidslivet.
  • Strategisk utviklingsarbeid som inkluderer utgreiings- og analyseoppgåver med rapportering knytt til fou-området i fakultetet
  • Saksutgreiing og oppfølging av fou-saker i forskings- og fakultetsleiinga
  • Forskingsetikk og personvern
  • Vidareutvikling av digitale informasjonskanalar for fou-verksemda til fakultetet
  • Bistå fakultetet i organisering og gjennomføring av fou-arrangement
  • Forskingsadministrativt samarbeid på tvers i organisasjonen.

Kvalifikasjonskrav:

  • Det er krav om høgare utdanning på minimum masternivå, fortrinnsvis med relevans for forskingsporteføljen til fakultetet.
  • Det er krav om relevant administrativ erfaring og spesialkompetanse innanfor ansvarsområdet som er tilpassa funksjonane i stillinga.
  • Den som blir tilsett må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk, samt god digital kompetanse.
  • Det er ein fordel om vedkommande har erfaring med forskingsetikk og personvern.

Personlige egenskaper

  • Vi søkjer etter ein engasjert og fleksibel medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig og strategisk.
  • Du har sans for god systematikk og ser etter nye, kreative måtar å driva forenklings- og forbetringsarbeid på.
  • Vi ønskjer ein god tilretteleggar og pådrivar for høg kvalitet i forskingsadministrativt arbeid med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med mulegheit for kompetanseheving og -utvikling
  • Fleksitid, jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Mulegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som forskingsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 - rådgjevar. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan det vurderast å tilsetja i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Hvordan søke på stillingen?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam om at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf. ny offentlegheitslov). Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsatt funksjonsevne og hol i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA verksemd bedrift.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Prodekan for forskning, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Vegard Fusche Moe, tlf. 57 67 60 37 / 922 84 709

Søk stilling

Powered by Labrador CMS