Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for økonomi har ledig ei fast stilling i 100% som rådgjevar eller seniorrådgjevar.
Om stillinga:
Stillinga som budsjettrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) inneber styring av løyvingar frå Kunnskapsdepartementet og den interne fordelinga av denne mellom einingar. I tillegg er det fokus på langtidsplanar, oppfølging av resultatmål på ulike styringsparameter, innsatsområde og andre prioriterte tiltak. Budsjett- og økonomistyring vil vere viktige grep for HVL i framtida.
Arbeidsstaden er ved ein av HVL sine fem campus; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver i budsjettgruppa vil mellom anna vere:
Økonomistyring på overordna nivå, analysar og støttetenester innanfor økonomi og ressursbruk
Implementering av nytt verksemdstyringssystem
Bistå i digitalisering og automatisering av prosessar på budsjettområdet
Økonomioppfølging, rådgjeving og rapportering til ulike leiarnivå/budsjettansvarlege i administrasjonen, toppleiing og styret ved HVL
Oppfølging av resultatmål på ulike styringsparameter, innsatsområder og andre prioriterte tiltak
Budsjettering, prognosar, langtidsbudsjett og oppfølging/analyse av budsjett og rekneskap
Opplæringsansvar for systembruk ved einingane
Kvalifikasjonskrav:
Vi søkjer ein person som:
Har høgare utdanning innan økonomi eller IT med bachelorgrad, mastergrad eller tilsvarande
Har analytiske eigenskaper, samarbeidsevner og nødvendig presisjon i arbeidet
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Er strukturert, kan prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
Det vil vere ein fordel med:
Relevant arbeidserfaring og interesse for økonomistyring av komplekse verksemder
Erfaring innan digitalisering og automatisering av prosessar
Kjennskap til Unit4 ERP, universitets- og høgskulesektoren og erfaring med sakshandsaming i offentleg forvaltning
For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskoden som seniorrådgjevar vere aktuelt. Det er då krav om mastergrad.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar/1364 - seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.