Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fellesadministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Er du vår nye berekraftspilot?
Universitetet i Bergen består av rundt 20 000 studentar og 4000 tilsette. Skal vi nå våre klima- og miljømål og bli eit meir berekraftig universitet er det særs viktig at studentmassen involverast. Vi lyser derfor ut tre 20 %-stillingar som berekraftspilotar. I arbeidet som berekraftspilot vil du kunne bidra med ditt eige perspektiv inn i UiB sitt arbeid med berekraft. Du vil ha faste møtepunkt opp mot leiinga ved universitetet og har moglegheit til å direkte påverke UiB sitt arbeid med klima, miljø og berekraft. Det vil også vere moglegheiter for samarbeid med næringsliv, organisasjonsliv og relevante aktørar i studentmassen som eksempelvis Studentparlamentet og Innovasjonspilotane ved UiB.
Vi søkjer tre studentar til å fylle stillingar innafor følgande arbeidsområde:
Pilot 1: Klima- og miljøarbeid
Skal bidra i UiB sitt arbeid for å bli eit mest mogleg klima- og miljøvennlig universitet, både gjennom strategisk arbeid og ved å engasjere studenter og ansatte til en felles miljø- og klimadugnad.
Eksempelvis:
Bidra i prosjekt relatert til klima- og miljøarbeidet ved UiB.
Delta i sekretariatet for klima- og miljøarbeidet ved UiB.
Skal formidle Berekraftspilotane sine prosjekt og idear gjennom sosiale medium og andre relevante kanalar.
Eksempelvis:
Lage og gjennomføre plan for kommunikasjon i samarbeid med dei andre pilotane.
Vere ansvarleg for å oppdatere og videreutvikle berekraftspilotanes instagramprofil og nettside på UiB bærekraft.
Berekraftspilotane vert tilsett frå 1. desember 2025 – 15. desember 2026.
Som berekraftspilot ved UiB vil du:
Bidra med di stemme inn i UiB sitt arbeid med berekraft, klima og miljø.
Få oppfølging av ein mentor knytt til arbeidsområdet.
Planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar som kan bidra til å sette berekraft, klima og miljø på dagsorden ved UiB, innafor ramma for budsjett tildelt berekraftspilotane sitt arbeid.
Planlegge og leie dialoglunsjar med representantar frå rektoratet og studentparlamentet kvart semester.
Utarbeide årsrapport som skal vere klargjort før avslutning av oppdragsperioden
Vi søkjer etter deg som:
Er student ved Universitetet i Bergen og vil vere det gjennom heile oppdragsperioden
Beherskar norsk flytande munnleg og skriftleg
Har eit stort engasjement for berekraft og eit ynskje om å legge til rette for studentar si rolle i arbeidet
Har interesse for prosjektarbeid
Likar å arbeide i team, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig
Er fleksibel, men klarer samtidig å ha en god balanse mellom studiar, fritid og arbeid
Er initiativrik, kreativ og arbeider målretta
Vi tilbyr:
Du vil få utvida og etablert nettverket ditt ved UiB
Arbeidstidene vil vere fleksible slik at du kan kombinere stillinga med studiar
Stilling som konsulent (kode 1065) i årsløn kr. 460 700 - 475 000 i 100% stilling i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:
Miljøkoordinator, Helene Wiken, Eigedomsavdelinga, tlf. nr. 41558025
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.