Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Tannhelsesekretær (fleire vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Odontologisk universitetsklinikk, er det ledig vikariat stillingar som tannhelsesekretær.
Dei ledige stillingane kan ha ulik stillingsprosent.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.
Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a) på klinikken.
Arbeidsoppgåver:
pasientomsorg
assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
røntgenfotografering
opplæring av studentar i hygiene
oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
pasientadministrative oppgåver
kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
andre oppgåver kan leggast til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
kompetanse innan data og Opus journalsystem
handtera telefonar
evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
løn for tida kr 500 000 (kode 1545) i lønsregulativet i staten. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk Odontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene.
Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy.
Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter.
Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB, finner du her: Smittevern | Institutt for klinisk odontologi | UiB
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.