LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Fagseksjonsleiar sosialt arbeid

Søknadsfrist: 10.04.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking. Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig stilling som fagseksjonsleiar for sosialt arbeid. Åremålet gjeld for perioden 01.06.2023 - 31.05.2027

Fagseksjonsleiar for sosialt arbeid vil ha ansvar for utdanning og fagmiljø knytt til bachleorutdanninga i sosialt arbeid i Sogndal og i Bergen, og vidareutdanning i helse- og velferdsforvaltning. Fagseksjonsleiar er ein del av leiinga ved Institutt for velferd og deltaking og har eit medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sine målsetjingar og strategi.

Fagseksjonsleiar har det heilskaplege og formelle ansvaret for studieprogram, tilsette og budsjett.

Stillinga som fagseksjonsleiar er på åremål og gjeld for perioden 01.06.2023 til 31.05.2027

Stillinga har hovudarbeidsstad i Sogndal eller Bergen.

Institutt for velferd og deltaking

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 100 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i sosialvitskap, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor fagseksjonen sine fagområde
  • Ansvar for dagleg drift av studium og utvikling av gode læringsmiljø
  • Ansvar for at fagseksjonen sine økonomiske råmer vert haldne, samt god og føremålstenleg bruk av fagseksjonen sine ressursar
  • Personal- og HMS-ansvar for tilsette i fagseksjonen
  • Rekruttering av tilsette
  • Ansvar for arbeidsplanar for tilsette i fagseksjonen
  • Systematisk kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanninga og oppfølging av studentevalueringar og andre tilbakemeldingar med sikte på at studentane skal lukkast i utdanningane
  • Bidra til kompetanseutvikling og legge tilrette for at tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Bidra til å vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar knytt til fagseksjonen sine utdanningar og fagområde
  • Arbeide for internasjonalisering av utdanning og forsking
  • Medverke til god rekruttering av studentar

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultet.

Fagseksjonsleiar rapporterar til instituttleiar.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor fagseksjonen sitt område
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som fagseksjonen femnar om er ein føremon
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å byggje tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg, attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som fagseksjonsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473.

Medlemskap i Statens pensjonskasse, innskotet er 2% og blir trekt frå løna.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Svanaug Fjær e-post: svanaug.fjer@hvl.no tlf: 918 89 744

Generell informasjon:

Offentleglova tillet at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS