Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 ansatte og 700 studenter med studiested i Bergen. Vi har bachelorutdanninger i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretninger, masterstudium i kunnskapsbasert praksis med tre studieretninger og tverrfaglig internasjonalt masterstudium i Healthy aging and rehabilitation. Forskning og formidling knyttet til disse fagområdene og utdanningsforskning er en viktig del av arbeidsoppgavene våre.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, har ledig åremålsstilling som fagseksjonsleiar ved master i klinisk fysioterapi (100%) for perioden 01.03.2023 – 28.02.2027.
Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse og funksjon, har ledig 100 % stilling som fagseksjonsleiar med oppstart 01.03.2023.
Fagseksjonsleiar vil ha ansvar for utdanning og fagmiljø knytt til master i klinisk fysioterapi.Fagseksjonsleiar er ein del av leiinga ved Institutt for helse og funksjon, og har eit medansvar for samarbeid og utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sine målsetjingar og strategi
Stillinga utgjer 100 % stilling der fagleg arbeid, som til dømes undervisning og/eller fou, vil vere ein del av stillinga. Det faglege arbeidet er i hovudsak knytt til eigen fagseksjon.
Arbeidsstaden er campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor fagseksjonen sine område
Ansvar for dagleg drift av studium og utvikling av eit godt læringsmiljø
Ansvar for arbeidsplanar for tilsette i fagseksjonen
Personal- og HMS-ansvar for fagseksjonen sine tilsette
Sikre at studieplanane er i samsvar med fastsette krav og vidareutvikle kvalitet og relevans i studieprogramma
Bidra til samarbeid og fagutvikling på tvers av fagseksjonar og institutt
Bidra til å utvikle forskingsbasert utdanning
Arbeide for internasjonalisering av utdanning og forsking
Systematisk kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningane og fylgje opp studentevalueringar og andre tilbakemeldingar med sikte på at studentane lukkast i utdanningane
Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
Bidra til å vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar knytt til fagseksjonen sine utdanningar og fagområde
Tilrettelegge for at tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av fagseksjonar og institutt
Ansvarleg for at fagseksjonen sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og føremålstenleg bruk av fagseksjonen sine ressursar
Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet.
Mynde
Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og fagseksjonsleiaren rapporterer til instituttleiar
Inngå i instituttet si leiargruppe og ha medansvar for god ressursbruk og utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sin strategi og målsetjingar
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
Dokumentert kompetanse og erfaring innan instituttet sitt fag- og forskingsområde
Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt
Generelle kompetansekrav
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som fagseksjonen femnar om er ein føremon
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Gjennomføringsevne og resultatorientering
Løysings - og utviklingsorientering
Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som fagseksjonsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, innskotet er 2% og blir trekt frå løna.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg, attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.
Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå einbalansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV.