LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Mellombels stilling som studierettleiar (Fakultet for helse- og sosialvitskap)

Søknadsfrist: 11.08.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 500 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, har ledig eitt års vikariat som studierettleiar i studieadministrasjonen ved campus Bergen

Vikariatet er ledig frå 01.09.2024 til 01.09.2025.

Stillinga som studierettleiar er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon og rapporterer til studieadministrativ leiar. Studieadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fleire av HVL sine fem campus. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing av studentar i studieadministrative saker 
  • Saksbehandling 
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar og tilsette
  • Koordinerande oppgåver og praktisk tilrettelegging i studieprogramma 
  • Kvalitetssikring av studieprogram og emne og administrativt arbeid med studie- og emneplanar 
  • Registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar 
  • Utviklingsoppgåver og analyse knytt til utdanningskvalitet, system og rutinar 
  • Saksførebuing til råd og utval.

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle. 

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning på bachelor eller masternivå 
  • Relevant erfaring frå forvaltning og saksbehandling 
  • Gode IKT-kunnskapar 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk 
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring frå og god kunnskap om universitets og høgskulesektoren
  • Spisskompetanse innan studieadministrative oppgåver
  • Erfaring med UH-sektoren sitt fellessystem, FS
  • Erfaring frå utgreiings og kvalitetssikringsarbeid 

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på motivasjon og eigenskapar for rolla som studierettleiar:

  • Strukturert og sjølvstendig 
  • God til å koordinere og planlegge eige arbeid
  • Positiv og løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • God til å kommunisere og samhandle
  • God i samarbeid med andre

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som studierettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane om meiroffentlegheit. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan gjere seg gjeldande i handsaminga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS