Høgskulen i Volda har en ledig spennende stilling!

Forskingsrådgivar i Forskingsadministrasjonen – st.nr.31/21

Søknadsfrist: 16.06.2021

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Til Forskingsadministrasjonen ved Høgskulen i Volda (HVO) søker vi ein initiativrik og målbevisst forskingsrådgivar til ei nyoppretta 100 % stilling frå 1. september 2021 eller etter avtale. Med om lag 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda det største utdannings- og forskingsmiljøet mellom Bergen og Trondheim.

Om stillinga

Høgskulen i Volda søker ein rådgivar som skal støtte fagmiljøa ved HVO i utvikling av forskingssøknader knytt til nasjonale og internasjonale finansieringskjelder (Norges forskningsråd, Horizon Europe m.m.). Rådgivaren vil vere sakshandsamar for saker som angår forskarutdanning og kontaktpunkt for stipendiatar. I tillegg er rådgivaren tiltenkt oppgåver og forpliktingar knytt til personvern, datahandtering og open forsking. Arbeidsoppgåvene inkluderer utvikling og vedlikehald av rutinar, retningslinjer og kvalitetssikring, samt utvikling og vedlikehald av innhald på nettsida.

Forskingsrådgivar rapporterer til forskingssjef. Dette er ei nyoppretta stilling, så den som vert tilsett kan vere med på å forme stillinga saman med forskingssjef og leiinga.

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning på minst masternivå – helst innanfor samfunnsfag eller humaniora. Doktorgrad vil vere ein fordel.
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, det norske forskingssystemet og aktuelle finansieringskjelder for forsking er ein fordel.
  • God IT-kunnskap og gjerne erfaring med å produsere innhald for nettsider.
  • Gjerne erfaring frå utvikling og/eller koordinering av eksternt finansierte prosjekt.
  • Gjerne erfaring med internasjonalt samarbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk. HVO har norsk som arbeidsspråk.

Personlege eigenskapar

  • Oppsøkande, initiativrik og sjølvstendig.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Analytiske og organisatoriske ferdigheiter
  • Strukturert og målbevisst
  • God på gjennomføring, evne til å arbeide mot fristar og med ulike arbeidsoppgåver samtidig.
  • Serviceinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst.

Ved vurderinga av den best kvalifiserte søkjaren vil det verte lagt vekt på utdanning, erfaring og motivasjon for stillinga. Personlege eigenskapar som er nødvendige for arbeidsoppgåvene vil bli særleg vektlagt.

Arbeidsoppgåver

Viktige arbeidsoppgåver for den som vert tilsett vil vere:

  • Støtte til forskarar som skal søke eksterne finansieringskjelder (vere orientert om utlysingar og fristar, oppsøkande verksemd ovanfor fagmiljøa for å stimulere til søknadsaktivitet, planlegge og medverke i søknadsprosessar, og gi råd om prosjektoppfølging og prosjektrapportering).
  • Forskarutdanning.
  • Støtte til internasjonalisering av forskinga.
  • Forskingskommunikasjon (profilere og promotere forskinga og forskarane våre).
  • Retningslinjer og rådgiving rundt personvern i forsking og datahandteringsplanar.
  • Nasjonalt vitenarkiv og open forsking.

Arbeidsoppgåvene kan verte endra.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kontakt med eit aktivt og spennande forskingsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, som t.d. trening i arbeidstida.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Rådgjevar 1434 frå kr 482 200 - 608 200

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Om søknaden

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

- vitnemål og attestar

- CV

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Forskingssjef Henriette Hafsaas, telefon 70 07 54 89 eller e-post Henriette.Hafsaas@hivolda.no

Om Forskingsadministrasjonen

Forskingsadministrasjonen skal medverke til at Høgskulen i Volda når dei strategiske måla sine innanfor forsking og gir råd til leiinga i forskingsspørsmål. Forskingssjefen er del av leiargruppene til rektor og direktør.

Vi gir støtte og råd til dei tilsette når det gjeld:

  • vitskapleg publisering og forskingskommunikasjon,
  • prosjektutvikling og søknader om ekstern finansiering av forskingsprosjekt,
  • forskarutdanning og faglege opprykk,
  • internasjonalisering i forskinga,
  • forskingsetikk og personvern i forsking.

Forskingsadministrasjonen er ansvarleg for vitskapleg rapportering, sekretariatet for Forskingsutvalet, administrasjon av sentrale støtteordningar, utvikling av forskingsgrupper, rutinar og retningslinjer for forskingsetikk og personvern i forsking, samt institusjonell oppfølging og koordinering av vitskapleg verksemd og forskarutdanning. Forskingsadministrasjonen er eit internt og eksternt kontaktpunkt for forsking, og vi skal bidra til å styrke arbeidslivssamarbeid og innovasjon ved HVO.

Forskingsadministrasjonen består for tida av forskingssjef og to forskingsrådgivarar.

Forskingsadministrasjonen har nyleg fått eit 2-årig Balanse-prosjekt frå Norges forskningsråd der formålet er å doble talet på kvinner med toppkompetanse ved HVO. Sjå meir info om prosjektet her.

Powered by Labrador CMS