LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Inntil 4 stipendiatstillingar innan Danning og didaktiske praksisar

Søknadsfrist: 29.12.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 4 stipendiatstillingar innan Danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig inntil 4 mellombels stillingar som stipendiat innan Danning og didaktiske praksisar. Stipendiatprosjekta må vere tematisk relevante for fakultetet si forskingsverksemd og for ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar".

Fakultetet si forsking er organiseSrt i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn ein her, inklusive informasjon om programleiarar og forskargruppeleiarar.

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet her.

Det er viktig at ph.d.-prosjekta vert nær knytt til forskingsaktiviteten ved fakultetet. Søkjarane til stillinga må, før søknaden vert utvikla, sjølve ta kontakt med ein eller fleire forskargruppeleiarar for å presentere sin ide til tema for ph.d.-prosjektet og drøfte relevans i høve til forskargruppa sine aktivitetar, og mulege rettleiarar i forskargruppa. Dei må deretter få ein kort uttale frå den aktuelle forskargruppeleiaren som stadfestar kontakt og gjensidig interesse og relevans for prosjektet. Denne uttalen må leggjast ved søknaden. Dersom søkjar er usikkert på kva forskargruppe som kan vere relevant, kan leiarane av dei strategiske forskingsprogramma konsulterast.

Ansvars- og arbeidsområde:

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Stipendiaten kan ha kontorplass i Sogndal, Bergen eller Stord, etter eige ønske.

Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisning bli fordelt over alle åra. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Kvalifikasjonskrav:

Stipendiaten må ha mastergrad/hovudfag i fagområdet med relevans for opptak til ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" og fakultetet sine forskings- og utdanningsområde.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Stipendiaten bør meistre både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar.

Personlege eigenskapar:

  • Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskildring på inntil seks sider, som presenterer tema, oversyn over aktuell forskingslitteratur med relevans for temaet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne blir brukt til vurdering av kvalifikasjonen til kandidaten, og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Søkjarar kan få noko rettleiing på skissa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med tildelt rettleiar.

Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av høgskulen innan 3 månadar etter at du har tatt til i stillinga.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut ifrå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen utgår. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dette vil vere masteroppgåva/hovuedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid ein ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har teke imot søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse,inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalg/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til einskildpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at i samsvar med ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik førespunad ikkje vert tatt til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå einbalansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prodekan for forskning Torill Bogsnes Larsen, telefon: 55 58 58 81

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS