LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Inntil 2 stipendiatstillingar knytt til prosjektet ReTPro

Søknadsfrist: 06.04.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 2 stipendiatstillingar knytt til utvikling av nye modellar for praksis i grunnskulelærarutdanningane ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Stord er det ledig 2 mellombelse stillingar som stipendiat knytt til utvikling av nye modellar for praksis i grunnskulelærarutdanningane. Stipendiatprosjekta må vere tematisk relevante for fakultetet sitt ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet her.

Dei to stipendiatstillingane er knytt til forskingsprosjektet "Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro)—Building Purposeful Teaching Repertoires to Meet the New Curriculum for Primary and Secondary Education’s Ambitions for Democratic Citizenship". Prosjektet er finansiert av Norges Forskingsråd for perioden 01.06.21 – 31.05.25.

Ansvars- og arbeidsområde:

Overordna målsettingar for ReTPro er formulert slik:

  • Utvikle ny kunnskap om korleis ein kan bygge arenaer for refleksive øvingar på campus, der studentar og pedagogar i grunnskulelærarutdanningane i fellesskap utviklar undervisningsrepertoar og slik bygge bru mellom praksis og teori i lærarutdanninga.
  • Forske på korleis ein kan gjennomføre, øve og reflektere over undervisningsrepertoar i lærarutdanninga i matematikk og engelsk som stimulerer elevar og studentar til involvering i demokratiske medborgarskap.

Innafor rammene av desse målsettingane vil følgjande tematiske innrettingar vere spesielt aktuelle for stillingane:

  • Lærarutdanningsdidaktikk med spesiell vekt på utvikling av nye modellar for ei praksis-basert opplæring som også involverer bruk av nye medium.
  • Allmenndidaktiske eller fagdidaktiske problemstillingar knytt til mangfald og inkludering og demokratisk medborgarskap i skule og lærarutdanning.
  • Allmenndidaktiske eller fagdidaktiske problemstillingar knytt til klasseromsdialogiske og/eller dramapedagogiske problemstillingar i skule og lærarutdanning.

Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisning bli fordelt over alle åra. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Kvalifikasjonskrav:

tipendiaten må ha mastergrad/hovudfag i fagområdet med relevans for opptak til ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" og for prosjektet "RetPro".

Ønska kvalifikasjonar:

  • Stipendiaten bør meistre både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar.

Personlege eigenskapar:

  • Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskildring på inntil seks sider, som presenterer tema, oversyn over aktuell forskingslitteratur med relevans for temaet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne blir brukt til vurdering av kvalifikasjonen til kandidaten, og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Søkjarar kan få noko rettleiing på skissa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med tildelt rettleiar.

Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av høgskulen innan 3 månadar etter at du har tatt til i stillinga.

Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju der presentasjon av prosjekt inngår.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven og inntil 5 vitskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesning. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hull i CV. HVL er en IA-bedrift

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prosjektleiar ReTPro/Førsteamanuensis Vigdis Vangsnes (vigdis.vangsnes@hvl.no / mobil: 95038590)

2) Seniorrådgjevar/Professor Knut Steinar Engelsen (kse@hvl.no / mobil: 97188380)

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS