LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat - Fakultet for helse- og sosialvitskap

Søknadsfrist: 14.11.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking".

I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 220 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde.

I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og Sosialvitskap er det ledig stilling som stipendiat knytt til samskaping i recovery-orienterte rus- og psykiske helsetenester.

Stipendiatstillinga er knytt til prosjektet “Drivers and barriers for co-creation in municipal services – knowledge building and service development in collaboration with end users”.

Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL. Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år (oppstart etter avtale). 75% av stillinga vil vera knytt til doktorgradsarbeidet og 25% av stillinga vil vera arbeid i Institutt for helse og omsorgsvitskap knytt til undervising eller liknande.

Det kan bli gjort fradrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplass ved Institutt for helse og omsorgsvitskap, campus Haugesund i tilsettingsperioden.

Ansvars- og arbeidsområde:

I dette prosjektet ynskjer vi å utforske og beskrive samskapingsprosessar eksisterande samskapte recovery-orienterte tenester. Samskaping er her forstått som samarbeid der ein tek i bruk ressursar, kunnskap, kompetanse og idear frå både tenestebrukarar og tenesteytarar i utvikling offentlege tenester. Det er planlagt følgjeforsking på «Recovery ressursbase for recovery» og recovery-kurs i kommunar i Helse Fonna-regionen.

Stipendiaten vil inngå i forskargruppa «Samhandling for innovasjon i helse og omsorgstenestene». Gruppa har mellom anna fokus på ansvarleg innovasjon i helse og omsorgstenestene, brukarmedverknad i tenesteutvikling og fremmande og hemmande faktorar i innovasjonsprosessar.

Førsteamanuensis Kristin Ådnøy Eriksen er hovudrettleiar og Professor Christine Øye vil vera birettleiar. Stillinga er finansiert av KD-stipend, tildelt via ph.d-programmet RESINNREG.

Hovudrettleiar vil i samarbeid med kandidaten utarbeide ein detaljert plan for forskarutdanninga i samband med opptak til ph.d.-programmet «Responsible innovation and Regional Development», RESINREG.

Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt kvalifiserer for opptak på ph.d.-studiet RESINNREG. Søknad om opptak til ph.d.-utdanninga skal sendast etter ei eventuell tilsetting, og seinast 3 månadar etter tilsetting.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjar må ha relevant mastergrad. Det er ikkje krav om spesifikk profesjonsutdanning, men arbeidserfaring frå rus- og psykisk helsefeltet vil vera ynskjeleg.

Mastergraden (120 studiepoeng eller tilsvarende) må vera godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen.

Følgjande kvalifikasjonar blir vektlagt:

  • Karakter på masteroppgåve og gjennomsnittskarakter for masterstudie skal normalt vere B eller betre
  • Erfaring med prosjektarbeid, gruppeleiing og formidling
  • God kommunikasjonsevne i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Evne til nytenking og gjennomføring
  • Vitskaplege publikasjonar
  • Erfaring med og evne til sjølvstendig arbeid
  • Evne og vilje til å bidra i fellesskap i Recovery ressursbase og i fagmiljø på HVL

Tilleggskrav:

Søkjar må levere ei førebels prosjektskisse på maks fem sider som tek utgangspunkt i prosjektskissa for “Drivers and barriers for co-creation in municipal services – knowledge building and service development in collaboration with end users”.

Søkjar si prosjektskisse skal skildra korleis søkjar ser for seg gjennomføring av stipendiatprosjektet, irekna bakgrunn for tema, problemstillingar, metode og plan for gjennomføring av prosjektet. Interesserte søkjarar kan ta kontakt med prosjektleiar Kristin Ådnøy Eriksen (kristin.eriksen@hvl.no) for å få tilsendt prosjektskisse.

Den førebelse prosjektskissa vil vera grunnlag for vurdering av kandidaten sine kvalifikasjonar, og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa. Denne vil bli utforma etter tilsetting i lag med rettleiar.

Søknaden skal også innehalde eigen motivasjon for å gå inn i stipendiatstilling og ei skildring av tidlegare fag-, forskings- og formidlingserfaring.

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal sendast etter eventuell tilsetting. Søknaden skal sendast seinast 3 månadar etter tilsetting.

Nærare informasjon om ph.d. utdanninga finn ein her.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven og inntil 5 vitskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Førsteamanuensis Kristin Ådnøy Eriksen, E-post: kristin.eriksen@hvl.no, Tlf.: +47 52 70 27 02

2) Fagseksjonsleiar Else Cathrine Lütcherath Rustad, E-post: else.rustad@hvl.no, Tlf.: +47 52 70 27 46

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS